Ny jobb

Johannes Bjarne Alme

Ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Herøy.

28.04.2021
Johannes Bjarne Alme portrett 111

Johannes Bjarne Alme er tilsett som ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Herøy kommune.

Alme er frå Brandal i Hareid, og kjem frå jobben som kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling i Skjåk kommune. Han har elles lang og solid erfaring frå skipsindustrien, både frå teknisk, produksjon, sal, prosjektleiing og administrasjon.

Tidlegare arbeidsgjevarar er blant anna Ulstein Verft AS, Fiskarstrand Verft AS, Rolls-Royce Marine og Jets Vacum, melder Herøy kommune.

Publisert: 28.04.2021 10:26

Sist oppdatert: 28.04.2021 10:29