Ny jobb
John Birger Våge
John Birger Våge (29), busett i Ulsteinvik, er tilsett som salssjef i medieselskapet Bakkar og Berg Media AS.
Administrator
11.02.2021
Våge kjem frå stillinga som digital marknadskonsulent i Vikebladet Vestposten. Han var ein av initiativtakarane til Herøynytt AS, og har i tolv år vore tilknytt selskapet i ulike roller. Han har også arbeidd for IF Forsikring og PG Hydraulics.
Våge har utdanning innanfor sal og service. I Bakkar og Berg Media vert Våge salssjef for NETT NO.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02