June Skeide Bergseth
Ny styrking av salslaget i Westing.
June Skeide Bergseth er tilsett som account manager i Westing.
Dermed styrkar Herøy-selskapet salsapparatet ytterlegare. Tidlegare i månaden melde Westig om ny salssjef Pal Fanuelsen.
Bergseth skal inn i ei nyoppretta stilling lokalt i Herøy og skal jobbe med Westing Plus-segmentet. Ho har bakgrunn frå NAV der ho har jobba ute hos bedriftene i distriktet for å skaffe arbeids- og tiltaksplassar. Etter kvart er planen at ho også skal jobbe med det malingstekniske både når det gjeld marine og industri, opplyser selskapet.
Westing er del av Teige Gruppen som har aktivitetar og drift innan fiskeri, shipping, eigedom, helse og agentur. Drift, distribusjon og støttefunksjonar er styrt frå Westinghuset på Eggesbønes.
Publisert: 24.03.2021 15:15
Sist oppdatert: 24.03.2021 15:18