Ny jobb

Kari Melle

Leier ny avdeling i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

01.09.2021
Kari Melle portrett

Kari Melle er tilsett som banksjef for marknad og kundereise og skal leie den nyoppretta avdelinga i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Ho kjem frå stillinga som avdelingsbanksjef i Ørsta, og denne stillinga blir no lyst ut, opplyser banken i ei melding.

– Eg ser fram til å vere med på å utvikle eit spennande område saman med svært kompetente tilsette, seier Kari Melle.

Administrerande direktør Stig Brautaset er glad for å ha fått med seg Kari i banken si leiargruppe.

– Eg har stor tru på at dette blir veldig bra. Kari har relevant bakgrunn, og har den korte tida i banken vist at ho har det som skal til for å leie marknadsarbeidet i banken, heiter det i meldinga.

Publisert: 01.09.2021 11:27

Sist oppdatert: 01.09.2021 11:34

Mer om