Ny jobb

Kristin Hide Truelsen

Ny sjef på Myklebust Verft.

28.04.2023
Kristin Hide Truelsen portrett

Kristin Hide Truelsen er tilsett som ny dagleg leiar ved Myklebust Verft i Sande.

Truelsen kjem til Myklebust Verft frå jobben som leiar for Brunvoll Volda og byrjar i august i år, ifølgje ei melding frå selskapet.

Ho starta si karriere i maritim industri som sveisar ved Ulstein Verft. Ho har tidelegare også arbeidd hos Myklebust Verft, som produksjonplanleggar.

Konstituert dagleg leiar Leiv Sindre Muren går tilbake til si stilling som økonomi- og finanssjef når Truelsen er på plass.

Publisert: 28.04.2023 11:00

Sist oppdatert: 28.04.2023 11:00