Ny jobb
Kurt Sonne Kristensen
Skal leie Westing-satsing i Danmark.
14.04.2021
Kurt Sonne Kristensen er nytlsett «country manager» med ansvar for satsinga til Westing i Danmark.
Herøy-selskapet har meir enn 40 års erfaring innan skips- og industrimåling til reiarlag og verftsindustri i Norge. No ekspanderer dei til Danmark og satsar på vidare vekst, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Kristensen kjem seinast med 17 års erfaring fra Jotun, mellom anna som salsansvarleg for Jotun Protective Coatings i Danmark. Han har FROSIO-sertifisering, og har lang erfaring innan salsleiing og teknisk service.
Publisert: 14.04.2021 14:18
Sist oppdatert: 15.04.2021 06:01