Ny jobb

Leiv Sindre Muren

Tek over verftsleiing mellombels.

09.02.2023
LEIV SINDRE MUREN PORTRETT

Leiv Sindre Muren vert konstituert som ny dagleg leiar i Myklebust Verft frå 1. mars. Han tek over stillinga etter Lars Conradi Andersen som skal over i jobben som dagleg leiar i Rem Offshore.

Muren kjem frå stillinga som økonomi- og finanssjef og har jobba ved verftet dei siste ni åra. Han har tidlegare erfaring frå Sparebanken Møre.

Muren har vore sentral i leiinga av verftet i fleire år, og styret er særs nøgde med at han har sagt seg villig til å gå inn som konstituert dagleg leiar. Styret er i gong med prosessen med å rekruttere ny dagleg leiar for selskapet.

Publisert: 09.02.2023 15:23

Sist oppdatert: 09.02.2023 15:26

Mer om