Ny jobb

Magnar Slettevoll

Gjerdsvikaren Magnar Slettevoll er tilsett som viseadministrerande direktør i Stadt AS.

Administrator
11.02.2021
Magnar Slettevoll
Han kjem frå Island Offshore, der han har jobba som Offshore Instalation Manager dei siste 8 åra, på fartøy (MOU) med DP 3 klasse. Slettevoll har 15 års erfaring som kaptein på konstruksjons- og seismikkfartøy world wide. Med si lange erfaring, har Magnar også vore kursinstruktør i bruk av DP system på avanserte fartøy, ein viktig kompetanse han vil ha nytte av også i sin nye jobb for STADT, opplyser selskapet i ei pressemelding. Slettevoll vil gå inn i den daglege drifta av STADT gruppa, som no er inne i ei ekspansiv fase både med bygging av ny fabrikk i Gjerdsvika og global vekst.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02