Ny jobb

Magnus Myklebust

Magnus Waade Myklebust er tilsett i marknadsavdelinga i NETT NO.

Administrator
11.02.2021
Magnus Myklebust
Myklebust er mest kjend som fotballspelar. 29-åringen flyttar no tilbake til Sunnmøre, og skal på nytt spele for Hødd, som han spelte på frå han var 17 til han var 19. Deretter vart det over 100 eliteseriekampar for Lillestrøm, der han var med å tape cupfinalen i 2005 før laget vann cupgull i 2007. I tillegg var han med på å vere tapande finalist i Royal League mot København i 2006. Deretter gjekk turen til Skien og Odd Grenland, medan Magnus sidan 2012 har spelt for Kongsvinger. Magnus har også fått med seg 40 aldersbestemte landskampar. Parallelt med at han har vore profesjonell fotballspelar, har han utdanna seg innanfor marknadsføring og merkevarebygging. Magnus flyttar tilbake til Sunnmøre saman med sambuar Ida Katrin K. Myklebust frå Fosnavåg og deira to døtre Anna og Sofia. Ida Katrin M. Myklebust jobbar i dag som kontormedarbeidar i revisjons- og rådgivingsfirmaet BDO i Kongsvinger. I NETT NO får Magnus ansvaret for annonsesalet, der NETT NO har ei rekkje annonseprodukt både på nett, sosiale medier og i magasin.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02