Ny jobb

Nancy Frisvoll Rogne

Ny banksjef på Giske.

19.04.2023
Nancy Frisvoll Rogne portrett

Nancy Frisvoll Rogne er tilsett som ny banksjef for Personmarknad i Sparebanken Møre på Giske.

Ho har arbeida i Sparebanken Møre sidan 2011 og har erfaring som rådgivar for personkundar, rådgivar for bankens tilsette og som banksjef for avdeling Vatne. Dei siste åra har ho blant anna arbeida med berekraft i personmarknaden, kompetanseheving for rådgivarane, opplæring av nye tilsette og utvikling av arbeidsmåtar.

Ho er oppvaksen på Grytastranda og busett på Vatne med familien.

Rogne tek over rolla som banksjef i Giske etter Arve Røyset, som har takka ja til ei ny stilling i Sparebanken Møre. Røyset har leia kontoret i Giske kommune i 14 år.

Publisert: 19.04.2023 11:15

Sist oppdatert: 19.04.2023 11:15

Mer om