Ny jobb

Odd Kristian Dahle

Odd Kristian Dahle vert informasjonsleiar i Fiskebåt.

Administrator
11.02.2021
Odd Kristian Dahle
Dahle (47) overtek etter Oddbjørn Skarbøvik som skal gå av med pensjon. Dahle tek til i stillinga 17. oktober og skal ha kontorstad i Ålesund. Dahle etablerte i 2015 kommunikasjonsselskapet Lito PR, og kjem frå stillinga som senior kommunikasjonsrådgjevar. Dahle har lang erfaring som reporter, vaktsjef og programleiar frå regionale- og riksdekkande medium. Det meste av tida i forskjellige nyheitsredaksjonar i NRK (NRK Møre og Romsdal, NRK Dagsrevyen og NRK Dagsnytt). Dei siste åra var som programleiar for NRK Dagsnytt på Marienlyst. Frå 2013 har han jobba som senior kommunikasjonsrådgivar med spesialfelt innan krisekommunikasjon og mediehandtering. Han gjennomfører også regelmessig kurs innan desse områda. Lito PR AS hadde oppstart 1. november 2015.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02