Ny jobb

Paul-Erik Rebbestad

Ny avdelingsleiar i Tussa.

20.11.2023
Paul Erik Rebbestad portrett

Paul-Erik Rebbestad er tilsett som ny avdelingsleiar for den maritime satsinga i Tussa.

Han vil spele ei nøkkelrolle i å utvide Tussa Installasjon si portefølje og tenester innanfor den maritime sektoren, opplyser selskapet i ei melding.

Rebbestad starta i Tussa Installasjon i september, og med bakgrunn frå aktørar som Brunvoll, Ulstein Power & Control og Eltorque.

Han har tidlegare bakgrunn som montør i Tussa og kjenner difor selskapet godt frå før. Den maritime satsinga har tyngdepunktet på Tussa sitt nye administrasjonsbygg på Mjølstadneset i Herøy, men selskapet har avdelingar i Ulsteinvik, Ørsta og Stryn.

- Vi ser det er aukande behov for elektroinstallasjonstenester innanfor denne sektoren, og svarar på eit behov i marknaden. Vi har i mange år levert tenester til havbruk og maritim industri, og samlar no den maritime aktiviteten i ei eiga avdeling, uttaler Rebbestad.

Publisert: 20.11.2023 12:43

Sist oppdatert: 20.11.2023 12:43

Mer om