Ny jobb

Robert Myklebust

Blir eigedomsforvaltar i Havila.

17.11.2021
Robert Myklebust portrett

Robert Myklebust (43) er tilsett i stillinga som eigedomsforvaltar i Havila-gruppa.

Myklebust er jurist og kjem frå stillinga som eigedomssjef i Herøy kommune. Han har tidlegare vore tilsett i eigedoms- og byfornyingsetaten i Oslo kommune. 43-åringen er busett på Remøya i Herøy.

Havilagruppa har ei rekkje større kontoreigedomar, hotellbygg og industrilokale på Sunnmøre og i Stavanger-regionen. I den nyoppretta stillinga skal Myklebust forvalte desse bygga og vidareutvikle forretningsområdet.

Robert Myklebust startar i stillinga 1. februar, og seier han gler seg til å verte ein del av Havilagruppa.

- Havila tek på alvor både utvikling av næringslivet og rolla som samfunnsaktør, og må vere ein av dei mest spennande arbeidsplassane ein kan ha, uttalar han i ei melding frå selskapet.

Publisert: 17.11.2021 15:26

Sist oppdatert: 17.11.2021 15:55

Mer om