Ny jobb

Sigrun Heltne Vartdal

Ny styreleiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

02.05.2025
Sigrun Heltne Vartdal frimerke foto Ogne

Dagleg leiar for Ørsta næringskontor, Sigrun Heltne Vartdal, er vald som ny styreleiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre etter Arild Hatløy. Stiftinga er største eigenkapitalbeviseigar i Sparebank 1 SMN, og deler ut midlar til samfunnsnyttige formål på søre Sunnmøre.

Heltne Vartdal er vald for perioden 2025-2027.

Ho har tidlegare vore banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Søre Sunnmøre, og i Sparebank 1 SMN etter at Sparbanken Søre Sunnmøre vart ein del av Sparbank 1 SMN. 

Publisert: 02.05.2025 09:58

Sist oppdatert: 02.05.2025 09:58