NAESS Naeringsforeiningane pa Sore Sunnmore foto naess
FELLES UTSPEL: Representantar for næringsforeiningane på søre Sunnmøre har samla seg om ei felles uttale, der dei peikar på utfordringar for næringslivet. Foto: NæSS
Synspunkt

Næringslivet ropar varsko om rammevilkåra – kven tek ansvar?

Næringsforeiningane på søre Sunnmøre med utfordring til politikarane.

Kven skal skape framtidas arbeidsplassar i Møre og Romsdal – og i Noreg – dersom vi gjer det stadig vanskelegare å drive næring? Kven skal investere, rekruttere og utvikle når rammevilkåra gjer det utfordrande for bedriftene? 

Næringslivet i Møre og Romsdal består i stor grad av små og mellomstore, norsk-eigde og lokalt forankra bedrifter. Dei skaper arbeidsplassar, skatteinntekter og levande lokalsamfunn.

Vi i i Næringsforeiningane på søre Sunnmøre (NæSS) representerer kring 600 bedrifter på søre Sunnmøre. Vi er tett på bedriftene og jobbar aktivt med å støtte bedriftene, løfte fram behova deira og påverke rammevilkåra. 

Næringsforeiningane i Noreg (NiN) representerer over 175 næringsforeiningar og meir enn 33 000 medlemmar, mellom anna oss i NæSS og bedrifter her på Søre. Denne månaden vart rapporten frå næringspolitisk undersøking for 2025 lagt fram. Tala frå Møre og Romsdal viser eit klart bilete: 

Manglande tilgang på arbeidskraft, uføreseielege rammevilkår og tidkrevjande prosessar er dei største utfordringane til regionen i eit 5-årsperspektiv. Dette meiner vi i Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS) må takast på alvor.

Manglande arbeidskraft
Heile 7 av 10 bedrifter peikar på mangel på kompetent arbeidskraft som den største utfordringa framover. For å styrke konkurranseevna til næringslivet er det avgjerande at vi klarer å utdanne, tiltrekke og halde på dei folka vi treng i fylket. Utan folk, ingen vekst. Samstundes slit vi med utanforskap og unge som fell utanfor arbeidslivet. 

Vi i NæSS er opptatt av at ein i fellesskap får på plass gode og varige løysingar for å kome desse utfordringane i møte. 

Uføreseielege rammevilkår
I rapporten peikar næringslivet òg på behovet for føreseielege rammevilkår. Motstanden til formuesskatten er massiv. Heile 74 % av respondentane i undersøkinga meiner at formueskatten er skadeleg for norsk eigarskap. Vidare peikar eit stort fleirtal på at formueskatten bidreg til nedtapping av eigenkapitalen. 

Vi i NæSS meiner at dette gjer norske eigarar dårlegare stilt enn utanlandske, noko som kan føre til at lønsame prosjekt aldri blir realisert. Mange opplever dessutan at formuesskatten kjem på toppen av både selskapsskatt og utbytteskatt, noko som i praksis fører til trippelbeskatning. Resultatet meiner vi er tapt verdiskaping, hemma innovasjon og færre arbeidsplassar i distrikta. 

I tillegg viser rapporten at tilgang på straum og energi er ein av dei største utfordringane i regionen framover. Det er ein føresetnad for vidare vekst og utvikling at politikarane og straumselskapa set dette tydeleg på agendaen. 

Tidkrevjande prosessar stoppar vekst
I tillegg til kompetent arbeidskraft og gode rammevilkår vert lange og tidkrevjande offentlege prosessar, særleg knytt til næringsareal framheva i rapporten. 

Mange bedrifter opplever at utviklingsprosjekt blir stoppa eller forseinka, medan behova for vekst og omstilling er akutte.

Vi ser det – kvar dag
I tillegg til dei nemnde punkta frå rapporten nemner bedriftene utfordringar knytt til samferdsel. Bedriftene treng føreseielege transportløysingar – elles stoppar den store verdiskapinga opp. Om Co2- avgiftene aukar raskare enn dei grøne alternativa kjem på plass, gjer det omstillinga til det grøne skiftet utfordrande

Skal vi lykkast med å finne gode løysingar på desse utfordringane, må politikarane lytte – og handle. Difor er oppmodinga vår krystallklar: Gi rammer som gjer det mogleg å satse. Noreg kan ikkje leve på oljefondet åleine – framtida må skapast her og no, av dei som faktisk vågar å investere.

Innsendt av Sigrun Heltne Vartdal på vegner av NæSS (beståande av Volda Næringsforum, Ørsta Næringskontor, Vekst i Hareid, Hareid Næringsforum, Vanylven Utvikling, Ulstein Næringsforum).

Publisert: 26.08.2025 14:00

Sist oppdatert: 26.08.2025 14:00

Mer om