Ny jobb

Sindre Monsholm

Er ny banksjef i Volda.

26.10.2023
Sindre Monsholm portrett

Sparebanken Møre har tilsett Sindre Monsholm som ny banksjef ved kontoret i Volda.

39-åringen har leiarerfaring frå kommune og privat sektor, og dei siste åra har han vore finansiell rådgivar ved Sparebanken Møre sitt kontor i Volda. Han er frå Volda og bur der med familien i dag.

Den nye banksjefen kan bekrefte at det blir satsa på lokalbanken i Volda og det er planar om å tilsette fleire.

– Dei siste åra har vi hatt ein sterk auke i antal kundar og vi har blitt fleire rådgivarar, uttaler han i ei melding frå banken.

Publisert: 26.10.2023 09:00

Sist oppdatert: 26.10.2023 09:00

Mer om