Svein Arne Orvik
Ny kommunikasjonssjef i Herøy kommune.
Svein Arne Orvik er tilsett som ny kommunikasjonssjef og avdelingsleiar kommunikasjon i Herøy, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Orvik er 43 år og bur med familie i Ulsteinvik. Han kjem frå stillinga som seniorrådgivar i kommunikasjon i Eldreombodet. Orvik har tidlegare vore leiar for demokrati og kommunikasjon i Ulstein kommune, informasjonssjef i Språkrådet og rådgivar på Stortinget.
Han startar delvis i jobben i veke 42 for å få ein overlapp med avtroppande kommunikasjonssjef, Iselin Nevstad Øvrelid – som skal over i ny jobb som kommunikasjonssjef hos politiet i Møre og Romsdal.
Seinare i haust er Orvik på plass 100 prosent i jobben.
– Satsingane og resultata til Herøy kommune på kommunikasjonsfeltet er sterke. Det viktige samfunnsoppdraget og dei høge ambisjonane til kommunen motiverte meg til å søke, seier Orvik i meldinga.
Publisert: 16.09.2022 10:37
Sist oppdatert: 16.09.2022 10:43