Sølvi Katrin Gjerde
Er tilsett som HR-direktør i Ulstein Group.
Ho kjem frå stillinga som leiar for økonomi og HR i forretningsområdet Design & Solutions og har jobba i Ulstein sidan 2013. Før ho byrja i Ulstein jobba ho 12 år i Rolls-Royce Marine. Sølvi har hatt ei rekke leiarstillingar i den maritime næringa, og har utdanning frå administrasjon og finans.
- Hennar breie leiarerfaring førte henne mot HR, og vi er glade for at ho no har takka ja til stillinga som HR-direktør. Sølvi kjenner Ulstein godt, og har inngåande kjennskap til fleire av bedriftene våre. Ho vil ha overordna ansvar for HR i Ulstein Group, og vil inngå i konsernleiinga. Sølvi tek til i den nye stillinga 1. oktober 2023, seier Cathrine K. Marti, konsernsjef i Ulstein.
Publisert: 12.07.2023 09:00
Sist oppdatert: 12.07.2023 09:00