Ny jobb

Thomas Fiskerstrand

Startar i nyoppretta stilling i Teige Gruppen.

20.12.2024
Thomas Fiskerstrand portrett

Teige Gruppen har tilsett Thomas Fiskerstrand i den nyoppretta stillinga som HR-manager i konsernet. 

Ulsteinvikaren sin rolle vil omfatte personaladministrasjon og organisasjonsutvikling i fleire av selskapa i Teige Gruppen, blant anna Teige Rederi, Westing og Zewo, opplyser Herøy-konsernet i ei melding. 

Fiskerstrand kjem frå stillinga som avdelingsleiar hos Ulsteinvik barneskule, og har brei erfaring i personal- og HR-arbeid saman med fullført leiarutdanning.

Konsernleiar Sigurd Teige har sterk tru på at han vil vere ein viktig bidragsytar til å styrke og utvikle konsernet vidare, heiter det i meldinga. 

Publisert: 20.12.2024 11:08

Sist oppdatert: 20.12.2024 11:08

Mer om