Tormod Utne
Tek over som redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt.
Tormod Utne (53) er tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt.
Han kjem frå stillinga som rådgjevar i Norsk Presseforbund og har lang erfaring som journalist, vaktsjef og redaktør i mellom anna Trønderbladet, TV 2, Nettavisen og Sunnmørsposten. Utne har også undervist i journalistikk ved Høgskulen i Volda.
– Gode lokalaviser er grunnsteinar i opne og gode lokalsamfunn, og eg gler meg til å byggje vidare på den gode jobben som over år er lagt ned i Møre-Nytt, seier Utne i ei pressemelding.
Møre-Nytt er det største mediehuset i Ørsta og Volda og har eit opplag på om lag 5.000.
Utne startar i stillinga 1. februar 2024 og tek over etter redaktør Svein Aam som skal i gong med nye prosjekt.
Publisert: 30.10.2023 11:11
Sist oppdatert: 30.10.2023 11:11