Ny jobb
Trond Skodjevåg Bø
Ny salssjef for offshore vind i Island Offshore.
25.03.2021
Trond Skodjevåg Bø er tilsett som salssjef for offshore vind i reiarlaget Island Offshore.
Han kjem frå stillinga som salssjef i Wave Foil og har tidlegare vore salssjef ved Ulstein verft.
Det Ulsteinvik-baserte selskapet er allereie godt etablert med skip i «walk-to-work»-marknaden. To av desse er i marknaden for havvind.
- Med ein klar ambisjon om å utvikle tenester og sikre meir arbeid innan segmentet, styrkar vi no laget med meir marknadsressursar som har erfaring, kunnskap og relasjonar innan renewables/offshore wind, skriv reiarlaget i ei melding og ønsker Bø velkomen på laget.
Publisert: 25.03.2021 17:32
Sist oppdatert: 25.03.2021 17:44