Ny jobb
Trond Sundnes
Er ny konsernsjef i NHST Media Group.
12.04.2021
Styret i NHST Media Group har tilsette Trond Sundnes (46) som ny konsernsjef.
Sundnes er opphavleg frå Ulstein, og kjem no frå stillinga som som konserndirektør for NHST Global Publications. Han har jobba i ulike roller i konsernet siden 2007.
Han går også inn som styreleiar i Dagens Næringsliv.
Sundnes kom til DNs finansredaksjon i 2007 og jobba i ulike redaksjonelle roller før han i 2015 bygde opp DNs utviklingsavdeling. I 2018 tok han over som leiar for NHSTs nisjepublikasjonar i Norge og utlandet.
Han har tidlegare jobba i VG, Vårt Land og Vikebladet-Vestposten.
Publisert: 12.04.2021 13:05
Sist oppdatert: 12.04.2021 13:07