Ny jobb

Vebjørn Øyehaug

Ny sjef i tradisjonsrik Ørsta-bedrift.

14.08.2023
Vebjørn Øyehaug portrett

Vebjørn Øyehaug vert ny sjef i Brødr. Øyehaug i Ørsta, når Knut Olav Standal pensjonerer seg, skriv Møre-Nytt.

53-åringen starta i familiebedrifta i etter han var ferdig med utdanning i 1997. Han har jobba med sal og marknadsføring i alle år, før han no har fått ansvaret for heile drifta.

Industribedrifta blei starta under andre verdskrig og er spesialistar på trebearbeiding. Møbelfabrikantar på Nordvestlandet er dei største kundane.

Brødr. Øyehaug har også tilsett Liene Abolina-Worren som ny marknads- og innkjøpskoordinator.

Publisert: 14.08.2023 15:10

Sist oppdatert: 14.08.2023 15:11

Mer om