A Age Remoey overtek Vestland Offshore
OPPKJØP: Dei to kompanjongane Arild Myrvoll og Åge Remøy i Rem Offshore, har gjennomført sitt første oppkjøp i regi av OSV Management. Selskapet har no sikra seg kontroll over Vestland Offshore.
Nytt

Åge Remøy overtek Vestland Offshore

Herøy-selskapet OSV Management får kontrollen over fire PSV-ar etter å ha overtatt aksjemajoriteten i Vestland Offshore.

15.03.2017
- Dette er ein del av restruktureringa av Vestland Offshore, der vi vart inviterte inn på eigarsida, seier Åge Remøy.
OSV Management har overtatt 60 prosent av aksjane, og sikra seg kontrollen over dei fire PSV-ane Vestland Mistral, Vestland Cetus, Vestland Mira og Vestland Insula. Dette er nyare PSV-ar der den eldste er frå 2012.
- Dette er gode båtar, der tre har kontrakt ut året, seier Remøy.

Vil byggje stort selskap

Dette er første investeringa Åge Remøy gjer etter at Rem Offshore vart overtatt av Aker/Solstad Offshore. Remøy stabla då 500 millionar friske kroner på bordet saman med islandske Thorsteinn Mar Balvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth.
Les her:
Målet var å byggje eit nytt offshoreselskap med base nord for Stad, og hadde mellom anna eit bod på 30 prosent av aksjane i Farstad Shipping.
Les her:
Dette bodet vart stemt ned av bankane då Røkke/Fredriksen kom på bana, og OSV Management har sett seg om etter andre alternativ å investere i.

- Rimeleg drift

Vestland Offshore held til i Torangsvåg på Austevoll, og det er ikkje planen å flytte drifta av båtane til Herøy, der OSV Management har etablert seg.
- Nei, vi overtek managementselskapet, men desse båtane vert drivne rimelegare enn tilsvarande skip. Vi ser derfor ingen grunn til å flytte managementet, seier Remøy.
Tvert imot ser han det som aktuelt å leggje fleire skip inn under Vestland Offshore.
- Vi får sjå, vi ser på mykje spennande.

Trur også på PSV

Dagleg leiar Arild Myrvoll i OSV Management har god tru på at marknaden for nyare PSV-skip kan bli bra framover.
- Alle snakkar no om subsea, men vi trur også at slike skip som Vestland Offshore har vil vere attraktive no når marknaden gradvis kjem tilbake.
Dei tilsette i Vestland Offshore vart klokka 15 i dag informerte om at selskapet var ferdig restrukturert, og har fått på plass ein ny hovedaksjonær.
Både dagens aksjonærar, dei store bankane og GIEK har vore med på restruktureringa.
Saka vert oppdatert.
Vi får sjå, vi ser på mykje spennande

Publisert: 15.03.2017 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07