Fiskebåtar i Ålesund foto Ogne
FISKERI OG LEVERANDØRAR: Kombinasjonen av å ha ein stor fiskeflåten og mange bedrifter som lagar utstyr til sjømatnæringa sikrar Ålesund sin posisjon som største sjømatkommune. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ålesund på sjømat-toppen

Ingen andre kommunar har høgare verdiskaping i sjømatnæringa.

01.11.2021

Ålesund kommune har ei verdiskaping frå sjømatnæringa på 3,9 milliardar kroner. Det er høgast i landet. Berre oppdrettskommunen Frøya i Trøndelag pustar Ålesund i nakken i konkurransen om å ha størst verdiskaping frå sjømatnæring. (Verdiskaping er summen av løn til tilsette, overskot og skatt)

Ålesund har også flest direkte sysselsette i sjømatnæringa i landet. 2854 ålesundarar arbeider på fiskebåtar, i oppdrettselskap og sjømatindustri. Frøya, på andreplass, har omlag 2000.

Det viser den ferske analysen av ringverknadane av sjømatnæringa. Det er Menon Economics, Nofima og Norce som lagar rapporten. Analysen vart også gjort i fjor, og det er planlagt nye analysar for 2021 og 2022.

Les rapporten her

Store leverandørbedrifter
I tillegg til dei som er ombord i båtane, på oppdrettsanlegga og i industrien arbeider 2961 ålesundarar hos utstyrsleverandørane til sjømatnæringa. Det er bedrifter som lager garn og nøter, utstyr og anlegg til fiskeindustrien, gir og propellar, eksportørar, advokatar og finansfolk som jobbar for sjømatbedriftene. Det er desse leverandørbedriftene som er den største skilnaden mellom Ålesund og andre store sjømatkommunar.

Til saman er 16 prosent av den samla arbeidsstyrke i Ålesund sysselsett i selskap som er i, eller er knytt til sjømatnæringa.

Kvar tredje herøyværing
Medan Ålesund er største sjømatkommune målt i verdiskaping og talet på sysselsette er det på Sunnmøre Herøy som har den største andelen av den totale arbeidsstokken direkte eller indirekte sysselsett i sjømatnæringa. 33 prosent av herøyværingane er det snakk om.

Berre i Averøy (35 prosent) og Smøla (42 prosent) har ein høgare andel i Møre og Romsdal.

I Sande er andelen 32 prosent. I Kinn, som omfattar gamle Vågsøy kommune, er andelen 25 prosent. I Giske er den 24 prosent.

Møre og Romsdal har i alt 14.192 direkte eller indirekte sysselsette i sjømatnæringa, ifølgje rapporten.

Fallande laksepris drog ned
For landet samla sett fall verdiskapinga hos sjømatnæringa frå 127 milliardar kroner i 2019 til til 112 milliardar kroner i 2020.

Fall i lakseprisen under den verdsomspennande koronaepidemien er hovudårsaka til nedgangen.

På landsbasis var 93.600 tilsette i sjømatnæringa, 47.600 direkte og 46.000 indirekte (hos teneste- og utstyrsleverandørar). For 2021 ventar forfattarane av analysen ein svak auka i både verdiskaping og sysselesettin, samanlikna med 2020.

Publisert: 01.11.2021 10:42

Sist oppdatert: 07.11.2021 12:22

Mer om
Annonsørinnhold