Moere og Romsdal paa sjoemat toppen
SYSSELSETTING: Ålesund har nest størst verdiskaping frå sjømatnæringa i landet og er også den kommunen i Møre og Romsdal som har flest direkte og indirekte sysselsette i sjømatnæringane, som her på foredlingsanlegget til Hofseth Ålesund i Ålesund.
Nytt

Møre og Romsdal på sjømat-toppen

Er fylket med flest tilsette i fiskeri- og havbruk og størst verdiskaping. To kommunar i nordvest knivar med ein trønderkommune om verdiskapingstoppen.

29.09.2020
I Møre og Romsdal arbeider 14.200 personar i fiskeri-, fiskeindustri og oppdrettselskap og i selskapet som leverer varer og tenester til fiskeri- og havbruksnæringa.
Ingen fylke har fleire fiskarar og tilsette på oppdrettsanlegga enn Møre og Romsdal. Medrekna tilsette i fiskeindustrien er det berre Nordland og Troms og Finnmark som er større, ifølgje ei analyse av ringverknadane av fiskeri og oppdrett som blir offentleggjort i dag.
Det er analyse- og forskingselskapa Menon, Nofima og Norce som har gjennomført analysen, på oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæring forskningsfinansiering. Analysen skal gjennomførast kvart år i fire år.

Større enn den maritime klynga

14.200 personar i Møre og Romsdal direkte eller indirekte sysselsette i sjømatnæringa, er fleire enn dei 13.200 tilsette i maritim klynge på Nordvestlandet. Det er nivået Klyngeanalysen 2020 for den maritime klynga på Nordvestlandet spår at blir sysselsettinga der neste år.
Tala er ikkje direkte samanliknbare fordi ein del bedrifter, til dømes brønnbåtreiaralg og verft som byggjer brønnbåtar, er rekna med i begge analysene.

90.000 arbeidsplassar

Totale sysselsettingseffektar av sjømatnæringane på landsbasis var i overkant av 90.000 stillinga i 2019. Den totale verdiskapinga var på 127 milliardar kroner, ifølgje ei pressemelding.
I Møre og Romsdal er Ålesund den største sjømatkommunen i Møre og Romsdal målt i sysselsetting, både direkte og indirekte.
2600 ålesundarar er tilsett i fiskeri, fiskeindustri og oppdrettselskap. 3260 ålesundarar arbeider hos alt frå utstyrleverandører og verft til eksportselskap og konsultenselskap.
Herøy kjem på andreplass, med 1050 direkte tilsette i sjømatnæringane og 270 indirekte.
Andelen direkte og indirekte tilsette i sjømatnæringane utgjer heile 33 prosent av alle sysselsette i Herøy, 32 prosent i Sande, 24 prosent i Giske, 16 prosent i Ålesund og ni prosent i Ørsta, som er kommunane på Sunnmøre der sjømatnæringane veg tyngst.
Berre på Smøla (42 prosent ) og Averøy (35 prosent) er arbeidsplassane skapt av sjømatnæring relativt sett viktigare i fylket.

Møre og Romsdal størst

Også målt etter verdiskaping er Møre og Romsdal det største sjømatfylket. Ålesund og Herøy er dei to kommunane med nest størst og tredje størst verdiskaping, berre slått av oppdrettskommunen Frøya.
Menon, Nofima og Norce definerer verdiskaping som driftsresultatet i selskapa som direkte eller indirekte er ein del av sjømatnæringane. Dei bedriftene som er indirekte er knytt til sjømatnæringane må ha minst halvparten av inntektene sine frå oppdrag til sjømatbedrifter for å bli rekna med.
Summen av driftsresultatet av bedriftene som er medrekna i Møre og Romsdal utgjorde 15 milliardar kroner i 2019. I Vestland var verdiskapinga 13,5 milliardar, i Nordland 12,9, i Trøndelag 12,7 milliardar og i Troms og Finnmark også 12,7 milliardar.
(ekstern lenke)

Publisert: 29.09.2020 07:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03