Børsdagen: Årsrekord for forsyningsskip
November blei årets beste månad for skipa til Golden Energy Offshore Services.
Dei fem forsyningsskipa til Golden Energy Offshore Services hadde ein gjennomsnittsrate på 28.000 dollar dagen i november i år.
Det går fram av ei oppdatering frå selskapet.
I januar i år vart gjennomsnittet 13.700 dollar dagen. I juli var den 19.167 dollar dagen og har halde seg pluss/minus 20.000 dollar i haustmånadanen, med november som toppmånaden.
Dei fem plattformforsyningsskipa hadde ein utnyttelsesgrad på 96,7 prosent.
Energy Swan har kontrakt på norsk sokkel til 1. mars 2024, Energy Empress er på kontakt i Karibia til 24. april, Energy Paradise er på kontrakt i Nordsjøen ut året. Energy Duchess og Energy Passion er i spotmarknaden.
På børsen blei det ikkje høgare kurs av høgare rater. Golden Energy Offshore Services-aksjen fall 3,37 prosent.
Størst fall blant dei børsnotere selskap på Nordvestlandet hadde Statt Torsk (sjå tabell), eit selskap som er på veg inn i Vesterålen Havbruk og på veg vekk frå børsnotering. Også Havila Kystruten fall mykje, ned 8,56 prosent, og sluttkursen enda i overkant av årets kurs for selskapet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 1,35 | 6,65 % |
Norva 24 Group* | 23,50 | 2,40 % |
Salmon Evolution | 6,26 | 1,13 % |
Hexagon Purus | 9,50 | 0,42 % |
Sparebanken Møre | 76,62 | 0,29 % |
Hofseth Biocare | 2,80 | 0,00 % |
Hav Group | 9,50 | -1,04 % |
Hexagon Composites | 25,88 | -1,97 % |
Eqva | 3,18 | -2,15 % |
Endúr | 39,60 | -3,18 % |
Arctic Bioscience | 8,70 | -3,33 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,21 | -3,37 % |
Havila Shipping | 5,75 | -6,50 % |
Havila Kystruten | 0,79 | -8,56 % |
Statt Torsk | 0,72 | -9,07 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 04.12.2023 10:44
Sist oppdatert: 04.12.2023 17:09