Nordvestvinduet
REKORD: Nytt godt år for Nordvestvinduet, her med store deler av staben på Almenning. Foto: Nordvestvinduet
Nytt

- Å lage vindu i Norge er toppidrett

Aldri før har Nordvestvinduet seld meir, men leiinga fryktar mangel på råvarer.

24.06.2021

- Det er knallhard konkurranse på råvarer, ikkje minst trelast.

Det seier dagleg leiar Rune Sætren ved Nordvestvinduet.

Vindus- og dørprodusenten på Almenning sette ny omsetningsrekord i fjor. Konsernet omsette for 129,2 millionar kroner, opp 5,7 millionar kroner frå 2019, då den forrige rekorden vart sett.

Resultatet før skatt enda på 4,7 millionar kroner, opp 1,2 millionar frå året før.

Nordvestvinduet (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 129,2 123,5
Driftsresultat 5,1 3,4
Resultat før skatt 4,7 3,5

Ikkje tid til kvileskjer
- Vi er fornøgd med å auke omsetninga. No har vi fokus på å forbetre også botnlinja, seier Sætren.

Han samanliknar det å drive med vindusproduksjon i Norge som toppidrett.

- Ja, vi føler oss som toppidrettsutøvarar. Og heller ikkje vi kan ta noko kvileskjer.

Sjølv om det er variasjonar i ordretilgangen, ligg selskapet an til å få ein fin vekst også i år.

- Ja, hittil i år ligg vi rundt ti prosent framfor fjoråret.

Hittil i år ligg vi rundt ti prosent framfor fjoråret
Rune Sætren

Skotsk satsing
Nordvestvinduet eig 85 prosent av det skotske dotterselskapet Nordvest UK Ltd, men det aller meste av omsetninga stammar frå bedrifta på Almenning ved Måløy. Like fullt er Nordvestvinduet den einaste norske produsenten som eksporterer dører og vindu i Skotland og England.

- Dette har så langt vore ei vellukka satsing.

Lokalt eigd
Totalt er det 87 tilsette i konsernet, derav 14 kvinner.

- Vi kjem til å liggje på dette talet framover, seier Sætren.

Nordvestvinduet er lokalt eigd, der det er ti eigarar. Størst er Dag Almenning med 45,8 prosent, medan Jonfinn Almenning eig 14,9 prosent og Rune Almenning 8,5 prosent.

Publisert: 24.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 24.06.2021 08:44