Nytt
Nordfjordindustrien på lærlingjakt
Rundt 2017 skjedde det ei haldningsendring i industrien i Nordfjord. Lærlingane kom på moten igjen.
29.05.2020
- Viss vi går tilbake til 2015-2016 var utfordringa innan industrien at det var får lite læreplassar. No er det ikke læreplassar, men mangel på lærlingar som er utfordringa, seier dagleg leiar Tor-Øyvin Solheim i Nordfjord Opplæringskontor, som organiserer lærlingutdanning på 27 fagfelt i Nordfjord.
I industrien har det skjedd ei markert haldningsendring i favør av å satse på lærlingar. Ein aldrande arbeidsstokk hos ein del bedrifter og ei erkjenning av at det er blitt vansklegare å rekruttere frå utlandet er grunnen til at fleire no satsar på lærlingar, etter Solheim si vurdering.
Nett no er tre av ein arbeidsstokk på 87 lærlingar. Etter sommaren håpar dagleg leiar Rune Sætren å vere opp i fem, og seier målet er å ligge på mellom fire og seks lærlingar.
Satsing på lærlingar inneber mellom anna å vise seg fram for og møte elevar for å få dei til å velje yrkesfag, og for Nordvestvinduet sitt vedkomande, utdanne seg til CNC-operatørar for trebearbeidingsindustrien. No er Sætren og andre frå bedrifta ute på skular rundt fire gangar i året.
- Vår bransje har vore sløv for lenge, seier Sætren om trebearbeidingsindustriens rekrutteringsarbeid tidlegare.
- I fjor traff ting slik vi hadde tenkt, seier Sætren.
Også 2020 har starta bra.
- Det er berre fjoråret som starta betre enn i år, seier Sætren.
Så langt har koronakrisa råka selskapet i liten grad. Uvissa no er knytt til at nedgangen i igangsetting av nye bygg i april vil gjenta seg også i mai og juni, seier Sætren.
I industrien har det skjedd ei markert haldningsendring i favør av å satse på lærlingar. Ein aldrande arbeidsstokk hos ein del bedrifter og ei erkjenning av at det er blitt vansklegare å rekruttere frå utlandet er grunnen til at fleire no satsar på lærlingar, etter Solheim si vurdering.
Strategisk satsing
Alt i 2015 bestemte vindusprodusenten Nordvestvinduet i Almenningen i Kinn kommune seg for at den viktigaste måten for å rekruttere ny arbeideskraft var å satse på lærlingar.Nett no er tre av ein arbeidsstokk på 87 lærlingar. Etter sommaren håpar dagleg leiar Rune Sætren å vere opp i fem, og seier målet er å ligge på mellom fire og seks lærlingar.
Satsing på lærlingar inneber mellom anna å vise seg fram for og møte elevar for å få dei til å velje yrkesfag, og for Nordvestvinduet sitt vedkomande, utdanne seg til CNC-operatørar for trebearbeidingsindustrien. No er Sætren og andre frå bedrifta ute på skular rundt fire gangar i året.
- Vår bransje har vore sløv for lenge, seier Sætren om trebearbeidingsindustriens rekrutteringsarbeid tidlegare.
Rekordår
I fjor sette Nordvestvinduet ny omsetningsrekord, med 123,5 millionar kroner, opp frå 108,4 millionar kroner i 2018, og betra lønsemda (sjå tabell).- I fjor traff ting slik vi hadde tenkt, seier Sætren.
Også 2020 har starta bra.
- Det er berre fjoråret som starta betre enn i år, seier Sætren.
Så langt har koronakrisa råka selskapet i liten grad. Uvissa no er knytt til at nedgangen i igangsetting av nye bygg i april vil gjenta seg også i mai og juni, seier Sætren.
Publisert: 29.05.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57