Gunnar Haagensen NHO Rgionkonf 2026 foto Ogne
LANGA UT: Gunnar Haagensen i Jangaard-konsernet langa ut mot norsk skattepolitikk då han deltok på NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse i Ålesund onsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Trump er ingenting mot Jens Stoltenberg

Gunnar Haagensen langa ut mot norsk skattepolitikk under årskonferansen til NHO Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
04.02.2026

Onsdag har NHO Møre og Romsdal samla store delar av næringslivet i regionen til sin årlege konferanse i Ålesund. 

Den blei innleia med toppsjef og medeiar i Jangaard-konsernet, Gunnar Haagensen, på scena saman med Wenche Eldegard som er fabrikksjef ved Hydro Sunndal. 

På spørsmål frå Nina Kraugerud Ertzaas i NHO om korleis han såg på uroa i verdshandelen og auka toll frå USA, langa han ut mot norsk skattepolitikk. 

– Trump er ingenting mot Jens Stoltenberg, svara Haagensen og peika på at det auka skattetrykket frå norske styresmakter, er eit langt større problem for norske bedriftseigarar, enn tollen frå USA.

Uroa for at mange sel og flyttar ut
Familiekonsernet med base i Ålesund driv stort innan fisk- og klippfisk, men er også ein betydeleg aktør i eigedom. 

Haagensen meiner det er eit misforhold mellom kva finansminister Stoltenberg seier i møte med næringslivet, og politikken som blir ført. Han meiner samtidig at dei borgarlege må dele ansvaret for politikken som er ført.

Haagensen viste til at ein stor del av norske familieeigde bedrifter i løpet av nokre tiår anten er selt, eller har lagt ned drifta. 

Sylvi Listhaug NHO arskonferanse foto Marius
ÅLESUND: Frp-leiar Sylvi Listhaug var tydeleg på at ho ønska ein anna kurs i næringspolitikken enn dagens regjering står for. Foto: Marius Rosbach

Listhaug vil ha meir handling
Frp-leiar Sylvi Listhaug tok tak i Haagensen sine kommentarar då ho kom på scena etter lunsj. 

– Når Haagensen seier at «alle eg kjenner vil selje eller flytte ut», så har vi eit problem, sa Listhaug og meinte det var for mykje prat og for lite handling i næringspolitikken. 

Ho trekte fram oppturen i de maritime næringa, og at det er avgjerande for regionen at desse bedriftene held seg flytande vidare. Det viktigaste handslaget partiet vil gi til bedriftseigarar er å fjerne formuesskatten, la Listhaug til. 

Sikkerheit og beredskap på dagsorden
Årets konferanse samla kring 220 personar i salen ved  Quality Hotel Ålesund. 

Teamet for konferansen er «framdrift og mot til å sikte høyt», og mykje dreia seg om sikkerheit og beredskap i ei meir uroleg verd. 

Mot slutten av dagen skal ein rekke aktørar frå lokalt næringsliv på scena, mellom anna Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti, Runar Muren frå Ulstein Design & Solutions og verftsdirektør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft.

Les program (ekstern lenke)

Publisert: 04.02.2026 13:11

Sist oppdatert: 04.02.2026 20:56

Mer om