100 kan misse jobben i Ulstein
IKKJE NOKO NYTT: I år skal Ulstein Verft levere ein kabeleggar (biletet) og eitt cruiseskip. Etterpå har ikkje konsernsjef Cathrine K. Marti og dei andre i skipsbyggjarkonsernet fleire nybygg i ordre.
Nytt

100 kan misse jobben i Ulstein

Har ikkje fått nye oppdrag til verftet og varslar kutt. – Eit resultat av den marknaden vi er i, fortel konsernsjefen.

Administrator
30.01.2021
Som følgje av den sviktande marknaden, og utan nye større ordrar det siste året, må Ulstein Group ta grep for å tilpasse organisasjonen. Dette inneber nedbemanningar i dei fleste norske selskapa i konsernet, skriv konsernet i ei pressemelding fredag.

Om lag 100 arbeidstakarar av ein arbeidsstokk på 420 i dei norske selskapa i konsernet, kan bli ramma av oppseiingar.

Tomt for nye oppdrag

Konsernsjef Cathrine K. Marti som, fortel til NETT NO at det er for tidleg å seie konkret kva type stillingar og funksjonar som blir overflødige, men at det kan råke alle avdelingar og selskap i Norge.
– No køyrer vi dei prosessane som ein skal gjere i ein slik situasjon, mellom anna med drøftingar om utveljing saman med våre flinke tillitsvalte, fortel ho til NETT NO.
Ho fortel at dei ikke har lukkast med å skaffe tilstrekkeleg med nye ordrar for å unngå nedbemanning.

Skal levere to skip i år

Konsernsjefen seier i pressemeldinga at det å seie opp tilsette er ei tung avgjerd å å ta, men at dei ikkje ser noko anna moglegheit slik marknadssituasjonen er no.

Marti fortel at noko av det viktigaste blir å sørge for at dei to prosjekta dei har inne – eit og eit – ikkje blir skadelidande. Begge skipa skal leverast i løpet av året.
– Overordna ligg vi godt an med desse prosjekta, men det er klart at med dagens Covid-situasjon, er det mykje som er usikkert og det er mange utfordringar vi må handtere, fortel ho til NETT NO.

Ikkje påverka av innreisestoppen

Den siste innreisestoppen som følgje av pandemien, har ikkje påverka avgjerda om å seie opp tilsette.
– Dette er ein syklisk bransje, slik den alltid har vore, og vi kan ikkje bemanne for toppane. Samtidig er dette eit resultat av den marknaden vi er i, og koronapandemien har påverke mange av våre kundar – spesielt innan cruisemarknaden, seier Marti til NETT NO.

Vindskip og større ombyggingar mest aktuelt

– Kva marknad ser du føre deg at det vil vere størst moglegheiter til å vinne nye oppdrag?
– For oss vil det nok vere vindskip og større ombyggingar som ligg nærast i tid, men det er sterk konkurranse også her, og det er mange som er ute etter dei same kontraktane. Vi jobbar samtidig mot andre segment for å sikre oss meir jobb, svarar ho.
Ombyggingskontraktar til verftet kan sikre arbeid til folk raskare, enn nybygg.
– Vi ser nokre positive signal i marknaden, men vi må likevel rigge konsernet slik at vi har konkurransekraft når marknaden kjem tilbake, seier Marti i pressemeldinga.

Håpte på svarte tal

Før koronapandemien trefte skipsbyggingsbransjen, låg Ulstein Group an til det første overskotet sidan oljeprisfallet i 2014.
Leiinga hadde i haust om svarte tal for drifta i 2020.
Konsernsjefen vil ikkje no seie om dei nådde målet.

Travel haust

I haust hadde Ulstein Verft kring 350 tilsette innafor portane, i tillegg til ein rekke innleigde arbeidarar. Det er truleg noko av det høgste talet som har vore i arbeid ved verftet dei siste fem åra.

Medan verftet har trekt lønnsemda i konsernet kraftig ned dei siste åra, gjekk Ulstein Design & Solutions med overskot i 2019 for første gong sidan 2015. I dei sama åra har konsernet gått frå fleire enn 700 tilsette i 2015, til 549 ved utgangen av 2019.

Les meir:



Tore Ulstein:



Publisert: 30.01.2021 06:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14