Trond teigene sparebanken sogn og fjordane foto sparebanken 11
VARSEL OM OVERTREDELSESGEBYR: Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigen hadde Finanstilsynet på besøk i mars i fjor og tilsynet var ikkje fornøgd.
Nytt

14 millionar i gebyr

Finanstilsynet misnøgd med Sparebanken Sogn og Fjordane i kvitvaskingsak.

16.02.2021

Finanstilsynet har varsla Sparebanken Sogn og Fjordane om eit overtredelsesgebyr på 14 millionar kroner.

Varselet om gebyret kjem etter eit tilsyn av banken si etterleving av kvitvaskingsregelverket, som vart gjennomført 11. og 12. mars 2020.

"Tilsynet har avdekka forhold som etter Finanstilsynet si vurdering er av ein slik art og omfang at det kan gi grunnlag for overtredelsesgebyr på 14 millionar kroner", skriv banken i ei børsmelding i dag.

Svar i mars
Banken skal no svare på varslet frå tilsynet, før Finanstilsynet gjer eit endeleg vedtak. Banken har frist til å svare i løpet av mars, seier økonomi og finansdirektør Frode Vasseth til NETT NO.

Han vil førebels ikkje kommentere meir om kva som er grunnlaget for varslet.

Reduserer overskotet
Gebyret betyr mellom anna at resultatet før skatt i 2020 blir redusert med 14 millionar kroner.

Styret i banken vurderer at endringa i resultatet ikkje er større enn at styret ønskjer å oppretthalde foreslått utbytte og gåveavsetning, heiter det i børsmeldinga.

Publisert: 16.02.2021 19:00

Sist oppdatert: 14.05.2021 10:00

Mer om