Konsernsjef SFE Knut Arild Flatjord foto SFE
1,2 MILLIARDAR: Konsernsjef Knut Arild Flatjord i Sogn og Fjordane Energi har starta ei investerig på 1,2 milliardar kroner for å auke kraftproduksjonen i Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger. Foto: SFE
Nytt

150 millionar i utbytte

At dei raskt kunne auke eller redusere produksjonen, dempa verknaden av lågare kraftpris for Sogn og Fjordane Energi i fjor.

01.04.2025

Kraftkonsernet foreslår eit utbyte på 150 millionar kroner til eigarane etter 2024, skriv selskapet i ei pressemelding om 2024-rekneskapen.

Etter 2023 var utbytet 254 millionar kroner, som er det høgast utbytet selskapet har betalt til eigarane nokon gong. 

Inntektene og overskotet fall i 2024 samanlikna med etter 2023.

Fleksible anlegg
Gjennomsnittsprisen i området Sogn og Fjordane Energi driv i fall med 11,3 øre per kilowattime i fjor, samanlikna med 2023, til 32,6 øre per kilowattime.

Fleksibiliteten i kraftverka til Sogn og Fjordane Energi gjer at selskapet har kunne dempe verkanden av prisfallet, ved å produsere meir når prisen er høg.

- Mange av vasskraftanlegga våre er godt egna til å regulere produksjonen raskt opp og ned, alt etter behovet for straum i marknaden. Statnett er avhengig av fleksible produksjonsanlegg for å sørge for balanse mellom produksjon og forbruk i straumnettet i Noreg. Her er det inntekter å hente for selskap med slike anlegg som vi har, seier konsernsjef Knut Arild Flatjord i ei pressemelding.

Investerer 1,2 milliardar kroner
Bygginga av nye Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger startar i år. Det er ei investering på 1,2 milliardar kroner, som er den største einskildinvesteringa Sogn og Fjordane Energi har gjort.

Når utbygginga er ferdig i 2028 vil den auke selskapet sin straumproduksjon med 21 GWh.

Sogn og Fjordane Energi as  
I mill. kroner20242023
Driftsinntekt2015,12488,1
Driftsresultat519,0785,5
Resultat før skatt470,0950,0

 

Fordelinga av utbytte frå 2024-resultatet 
  
Aksjonærar 31.12.2024Foreslått utbytte
 I mill. kroner
  
Sogn og Fjordane Holding AS74,3
Eviny AS (tidlegare BKK)55,2 
Kinn kommune7,0
Gloppen kommune5,2
Bremanger Eigedom AS3,7
Askvoll kommune2,2
Stad kommune2,4
Sunnfjord kommune0,1
Totalt150,0

Publisert: 01.04.2025 11:53

Sist oppdatert: 01.04.2025 16:57

Mer om