254 millionar til eigarane
Høgast SFE-utbytte sidan 2008. Meir enn dobling sidan i fjor.
- SFE har vore gjennom ein periode med svært høge investeringar i ny kraftproduksjon og eg er veldig glad for at vi no kan gi våre offenlege eigarar eit godt utbyte. Dette er det høgste utbytet sidan 2008, seier konsernsjef Knut Arild Flatjord i Sogn og Fjordane Energi (SFE) i ei pressemelding.
Etter 2022 var utbyttet 125 millionar kroner.
Offentlege eigarar
Sogn og Fjordane Holding er største aksjonær i SFE, med tilsaman 49,5 prosent av aksjane. Selskapet er eigd av 18 kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, saman med Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen eig 20 prosent i Sogn og Fjordane Holding, kommunane resten.
Eviny, tidlegare BKK, er neste største eigar i SFE, med ein aksjepost på 36,8 prosent. Bergen Kommune er største eigar i Eviny.
Resten av eigarskapet er fordelt på kommunane Kinn, Gloppen, Bremanger, Stad, Askvoll og Sunnfjord, direkte eller gjennom kommunale selskap.
Sogn og Fjordane Energi (SFE) as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 2488,1 | 3633,7 |
Driftsresultat | 785,5 | 1079,5 |
Resultat før skatt | 959,9 | 1079,5 |
Resultat etter skatt | 556,0 | 204,8 |
Samanslåing av nettselskap
I mars i fjor slo SFE kraftlinenett-selskapet sitt saman med med Tussa og Tafjord Kraft sitt nettselskap, Mørenett, til eit felles selskap, Linja.
Samanslåinga gav SFE ein rekneskapsgevinst på 240 millionar kroner og reduserte lånegjelda til konsernet med 1,3 milliardar kroner.
Konsernet produserte 2030 GWH elektrisk kraft i 2023, omlag som året før. Gjennomsnittleg kraftpris i prisområde NO3, der SFE har 85 prosent av sin kraftproduksjon, var 44 øre/kWh. Dette var på nivå med året før, men samstundes
32 øre/kWh lågare enn i prisområdet lenger sør på Vestlandet, skriv selskapet i pressemeldinga,
Publisert: 18.03.2024 15:27
Sist oppdatert: 19.03.2024 08:50