Mowi Folkestad
VOLDA: Volda kommune får 1.994.035,73 kroner frå Havbruksfondet. Her Mowi sitt anlegg på Folkestad. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

17,1 millionar til Kinn - 7,1 millionar til Stranda

13 kommunar på Nordvestlandet får pengar frå Havbruksfondet. Kinn og Stranda får mest.

18.10.2021

I haust vert det utbetalt totalt 1 milliard kroner frå Havbruksfondet fordelt på 140 laksekommunar.

- Havbruksnæringa har stor betydning for norsk verdiskaping, og det er viktig at dei som haustar av våre felles ressursar legg igjen eit lokalt vederlag som gir lokale ringvirkningar. Vi ønsker at meir av pengane frå sal av ny kapasitet går til kommunane. Vi vil gå gjennom fordelinga av midlane til Havbruksfondet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), i ei pressemelding.

Havbruksfondet blei oppretta i 2016. Målet med fondet er å stimulere kommunane til å legge til rette for havbruksnæringa.

Innbetalinga til Havbruksfondet kjem frå sal av ny produksjonskapasitet i havbruksnæringa.

Endra fordeling
Frå 2022 har Stortinget beslutta at kommunane vil få 40 prosent av salsinntektene frå ny kapasitet, fordelt gjennom Havbruksfondet. I tillegg skal kommunane få inntekter frå ei produksjonsavgift som vil ligge på rundt 500 millionar kroner årleg.

Ein betydeleg andel (220 mill. kroner) går i år til kommunar der det er klarert nye lokalitetar eller der eksisterande lokalitetar har fått auka sin kapasitet.

I tillegg til kommunane, får også sju fylkeskommunar midlar. Møre og Romsdal får 9,7 millionar, medan Vestland fylke får 26,6 millionar.

3,3 millionar til Ålesund
Her er løyvingane i Nordvest:

Ålesund: 3,3
Vanylven: 1,9
Sande: 0,3
Herøy: 0,7
Ulstein: 0,4
Ørsta: 2,1
Stranda: 7,1
Giske: 1,0
Vanylven: 1,9
Volda: 1,9
Fjord: 1,1
Stad: 2,2
Kinn: 17,6

Her får du full oversikt over utbetalingane.

Publisert: 18.10.2021 15:54

Sist oppdatert: 18.10.2021 15:54

Mer om