NTB Z aqd NLE Jg I 1
BONDESTØTTE: SVs Torgeir Knag Fylkesnes sikrar regjeringa fleirtal for jordbruksoppgjeret. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Nytt

23 prosent inntektsvekst for bøndene

SV sikra fleirtal for jordbruksoppgjeret.

05.06.2023

NPK-NTB-Steinar Schjetne og Marie De Rosa: Regjeringspartia er samde med SV om jordbruksoppgjeret – som truleg er av historiske proporsjonar. Frp meiner oppgjeret vil føre til endå dyrare mat.

Jordbruksavtalen som kom i hamn tidlegare i vår, hadde ei samla ramme på 4,15 milliardar kroner. Det sikrar ein anslått vekst i inntektsmoglegheitene for bøndene på gjennomsnittleg 23 prosent i år.

SV stadfestar overfor NTB at det verken har vorte fylt på med meir pengar eller vorte gjorde omprioriteringar innanfor ramma. Det er i tråd med ønska frå Noregs Bondelag før stortingsbehandlinga.

Toll vart avgjerande
SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes legg ikkje skjul på at han har vore kritisk til den avtalen som vart oversend Stortinget då jordbruksforhandlingane var sluttførte. SV meiner han gjer for lite på inntektsutjamning og er for lite offensiv på sjølvforsyning

– Slik forhandlingane utvikla seg, vart prinsippet om prosenttal avgjerande. For mange parti har det vore heilt avgjerande for at vi skal få ein ny kurs på jordbruket. Så for oss gjer det dette samla sett til ein god avtale som er avgjerande for å få ein ny kurs på jordbruket, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til NTB.

Hos den føretrekte partnaren til regjeringa blir endringar i tollvernet rekna som det viktigaste gjennomslaget i forhandlingane.

– Semja vi no inngår med regjeringa gjer at vi styrkjer norsk sjølvforsyning. Globalt er jordbruket i krise, og klimaendringar og global uro gjer at vi treng meir, ikkje mindre, norsk matproduksjon. Det handlar om nasjonal tryggleik, seier Fylkesnes.

Åtvarar om høgare matvareprisar
Frp meiner på si side at overgangen frå kronetoll til prosenttoll vil føre til auka matvareprisar for forbrukarane.

– Større tollbarrierar vil gi mindre utval og høgare matvareprisar. I tillegg blir målprisen auka, som igjen fører til auka matvareprisar hos forbrukarane, seier landbrukspolitisk talsperson for Frp Bengt Rune Strifeldt til NTB.

– Handlekorga blir dyrare og dyrare for kvar dag som går med regjeringa, støtta av SV, seier han.

SV har selt seg billig, slår Frp fast, og viser til at SV tidlegare har gitt uttrykk for misnøye med jordbruksoppgjeret. MDG meiner SV har vorte overkøyrt i forhandlingane med Ap og Sp.

– Det er problematisk at det ikkje er nokon klarer forplikting om å styrkje arbeidet med å tette inntektsgapet for bøndene. Det er stor grunn til å tvile på om inntektsauken i jordbruksavtalen faktisk vil gi den omtalte auken, eller om han blir ete opp av renter og høgare prisar, seier landbrukspolitisk talsperson Rasmus Hansson.

Dette er partia samde om:

Ap, Sp og SV er samde om å fremje desse forslag:

* Stortinget ber regjeringa sikre norsk matberedskap og norsk matproduksjon gjennom eit velfungerande tollvern, og at regjeringa i statsbudsjettet for neste år går frå krone til prosenttoll for enkeltprodukt for å sikre dette.

* Stortinget ber regjeringa, i dialog med faglaga, leggje fram ein strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon basert på norske ressursar, og komme tilbake til Stortinget seinast i samband med statsbudsjettet

* Stortinget ber regjeringa, i dialog med faglaga, greie ut korleis bruk av datakart kan sikre høgare presisjon i tildeling av tilskotsmidlar og målrette arealtilskot mot areal som ligg brak, som til dømes eit teigbasert tilskot. Utgreiinga skal vere klar før dei ordinære jordbruksforhandlingane neste år.

Etterlyser politisk vilje
– Eg er svært glad for at dei tre partia våre sikrar fleirtal for jordbruksoppgjeret. Avtalen styrkjer norsk landbruk, bidreg til å tette inntektsgapet og sørgjer for at den norske bonden framleis kan produsere god, trygg mat til det norske folket. Dette er viktig for forsyningstryggleiken, seier landbrukspolitisk talsperson Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet.

Bøndene har etterlyst politiske grep frå regjeringa for å følgje opp løftet om å tette lønnsetterslepet til andre yrkesgrupper i samfunnet, og dessutan å gjere noko med målet om på gjere Noreg meir sjølvforsynt. Med potensielt 23 prosent inntektsvekst i år, er det tilsynelatande teke eit steg på vegen.

– Eg er glad for at vi har komme til ei semje som styrkjer inntektsgrunnlaget for matprodusentane i landet og auka sjølvforsyning for landet. Det har vore viktig for Senterpartiet. Vi har ei felles forståing om arbeidet som skal gjerast framover, seier Per Olav Tyldum, landbrukspolitisk talsperson i Sp.

Publisert: 05.06.2023 15:21

Sist oppdatert: 07.03.2024 21:57

Mer om