NTB Bg GI2 YW4mbs 1
I fjor omkom 26 personar i ulykker medan dei var på jobb. Det er éin mindre enn i fjor. Mest utsett for arbeidsulykker er arbeidstakarar over 55 år, viser tal frå Arbeidstilsynet. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

26 personar døydde på jobb i fjor

Bygg, anlegg, transport og lagring med flest dødsulukker.

12.02.2024

NPK-NTB: Førebelse tal frå Arbeidstilsynet viser at 26 personar døydde medan dei var på jobb i fjor. Det er éin mindre enn i fjor. 25 av dei var menn.

Fire av dødsulukkene skjedde i Møre og Romsdal.

Tala frå Arbeidstilsynet gjeld dødsfall som har skjedd i det landbaserte arbeidslivet i Noreg, og altså ikkje på norske skip eller på norsk sokkel. Av dei som omkom var 22 norske statsborgarar.

Næringane byggje- og anleggsverksemd og transport og lagring hadde flest arbeidsskadedødsfall i 2023. I begge næringane omkom seks arbeidstakarar på jobb.

Færrast omkom i næringane jordbruk, skogbruk og fiske. Det er registrert berre to dødsfall, eitt i jordbruk og eitt i skogbruksnæringa. Det siste er det første dødsfallet sidan 2014 i skogbruksnæringa, og for jordbruk er det ein nedgang frå seks omkomne året før.

Svak nedgang
Dei siste ti åra er det berre i 2016 at talet på omkomne har vore lågare enn i 2023. Då var det 25 arbeidsskadedødsfall. For tiårsperioden 2013–2022 er gjennomsnittet 32 dødsfall på arbeidsplassen per år.

– Det var færre som omkom på jobb i 2023, enn det har vore dei siste åra. Sjølv om variasjonane er små, ser vi ei svak nedgåande utvikling. Vi håpar det held fram i denne retninga, for 26 arbeidsskadedødsfall er 26 for mykje, seier avdelingsdirektør Monica Seem ved avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet i ei pressemelding.

Trafikkulykker, klemulykker og fallulykker var dei vanlegaste ulykkesårsakene i fjor. Åtte personar omkom i trafikkulykker, seks omkom som følgje av å bli klemde eller fanga, og seks omkom i fallulykker. Tendensen har at det har vorte fleire trafikkulykker og fallulykker opp gjennom åra.

– Dette er urovekkjande, og viser at verksemdene framleis har ein del å jobbe med når det gjeld trafikktryggleik og sikkert arbeid i høgda, meiner Seem.

Må styrkje arbeidsmiljøarbeidet
– Eitt dødsfall er eitt for mykje. Det er gledeleg at trenden går mot stadig tryggare arbeidsplassar, men vi kan ikkje vere fornøgde. Alle skal vere trygge på jobben, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) i ein kommentar til tala.

– Arbeidsgivarar må vere ansvarsmedvitne, gjennom å kartleggje risiko og førebyggje ulykker. Desse tala viser at det ikkje alltid blir følgt godt nok opp, og at det for ofte får fatale følgjer. Det systematiske arbeidsmiljøarbeidet må styrkjast for å komme nærare nullvisjonen for dødsfall, seier Brenna, og får støtte frå Seem.

– Ulykker kan og skal førebyggjast. Analysane våre viser at mange verksemder ikkje førebyggjer godt nok, og at mange av ulykkene kunne vore unngått. Ofte er det enkle grep som skal til for å unngå at folk blir skadde eller mistar livet på jobb, men det krev at ein jobbar med tryggleik på alle nivå kvar einaste dag, seier ho.

Tala viser også at det er dei eldste arbeidstakarane som er mest utsette. 11 av dei 26 som omkom på jobb i fjor, var over 55 år. Dette utgjer 42 prosent av dei som omkom. Til samanlikning utgjer arbeidstakarar over 55 år i overkant av 20 prosent av alle sysselsette i Noreg.

Publisert: 12.02.2024 08:01

Sist oppdatert: 12.02.2024 12:45

Mer om