NPK: Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland løyvde tysdag 300.000 kroner til prosjektgruppa for Stad skipstunnel.
Fylkesrådmannen peika i tilrådinga på at prosjektet er inne i ein kritisk fase, og rådde politikarane til å løyve midlane. Vedtaket var samrøystes, skriv NRK.
Kystverket har etter bestilling frå Samferdselsdepartementet rekna ut at å bygge skipstunnelen vil koste 2,7 milliardar kroner (2019 kroner), og i noverande Nasjonal transportplan er det er lagt opp til byggestart i første stortingsperiode (2017-2021).
Styringsgruppa for Stad skipstunnel ønskte oppstartsmidlar på om lag 50 millionar i statsbudsjettet for 2020, men da det ikkje vart innfridd, bad dei om 7 millionar i planleggingsmidlar i 2020 for å sikre byggestart i 2021. I november løyvde regjeringspartia 5 millionar til skipstunnelen i statsbudsjettet for 2020.
I innspelet frå Kystverket til ny Nasjonal transportplan i mars, peikar Kystverket på at dei tekniske føresetnadane gjer at dei ikkje har høve til å gjennomføra så store enkeltprosjekt, noko som både overraska og skuffa Styringsgruppa for skipstunnelen.
Styringsgruppa har kravd at det på statsbudsjettet for 2021 blir sett av minimum 60 millionar kroner i oppstartsmidlar til skipstunnelen.

Publisert: 28.04.2020 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56