Sturla Dalhaug2
VEKST: Avokatfirmaet Øverbø Gjørtz er eigd av 14 partnarar, mellom dei dagleg leiar Sturla Dalhaug. Foto: Øverbø Gjørtz
Nytt

33,7 millionar til Øverbø Gjørtz-partnarane

Nye inntektsrekord for advokatfirmaet i fjor.

02.05.2025

Øverbø Gjørtz er det største advokatselskapet i Møre og Romsdal, med 30 advokatar (medrekna to nytilsette på veg inn). Firmaet har kontor i Kristiansund, Molde, Ålesund og Ørsta. 

I fjor auka selskapet inntektene med over ti millionar kroner, samstundes som det auka lønsemda.

– Det er ein auke vi er godt fornøgd med, seier dagleg leiar og partnar Sturla Dalhaug om inntektsveksten.

Han meiner det er ein generell vekst i advokatmarknaden, og at Øverbø Gjørtz tener på det.

Selskapet har spesialisert seg meir og arbeider i faggrupper på tvers av dei ulike kontora. Det medverka til at selskapet i fjor kunne ta unna auka oppdragsmengda utan å auke talet på tilsette.

14 partnarar 
Selskapet er eigd av eit såkalla indre selskap, som i sin tur er eigd av 14 partnarar.

Den måten å organisere selskapet på, gjer at posten "overskotsandel stille deltakarar" gir eit betre bilete av lønsemda enn resultat før skatt (sjå tabell). Overskotsandel stille deltakarar er andel av overskotet som blir gitt til eigarane.

I tillegg til å dele på overskotet, fekk dei 14 partnarane i fjor 13 millionar kroner i arbeidsgodtgjering. 

Til saman utgjer arbeidsgodtgjering og overskotsandelen til partnarar 33,7 millionar kroner, som tilsvarar 2,4 millionar kroner i gjennomsnitt. 

Vekstbransje
Advoktabransjen er ein vekstbransje, også på Nordvestlandet.

I Møre og Romsdal var det 148 advokatar i 2014 og 175 i 2023, ifølgje Tilsynsrådet for advokatvirksomhet. Det er ein vekst på 18 prosent. Dei aller fleste held til i byane Ålesund, Molde og Kristiansund.  

I fjor vart Øverbø Gjørtz rangert som det 44. største advokatselskapet i Noreg i næringslivsmagasinet Kapital si årlege rangering av dei 100 største advokatselskapa i landet.

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt74,564,1
Driftsresultat22,016,8
Overskotsansdel stille deltakarar20,716,4
Resultat før skatt0,90,01

Publisert: 02.05.2025 11:11

Sist oppdatert: 02.05.2025 20:05

Mer om