Oppe fv Nordfjord Kjøtt Brødrene Sperre Ekornes Bunker Oil foto Ogne
MANNSDOMINANS: Berre eitt av dei 10 største selskapa på Nordvestlandet har fleire kvinner enn menn i styret. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

39 menn, åtte kvinner

Kvinneandelen i styra til dei 10 største bedriftene på Nordvestlandet er under landsgjennomsnittet.

12.12.2022

17 prosent av styremedlemane i dei 10 selskapa med høgast driftsinntekt på Nordvestlandet er kvinner (sjå oversikt i slutten av artikkelen).

Dette er bedrifter som alle vil kome inn under dei nye krava til kvinneandel i bedriftsstyra, dersom regjeringa får det som den vil.

Tidlegare i dag presenterte næringsminister Jan Christian Vestre regjeringa sitt framlegg om å lovefeste at det skal vere minst 40 prosent kvinner (og menn) i styra for alle bedrifter over ein viss storleik.

Over 700 bedrifter
Regjeringa har ikkje talfesta kvar grensa skal gå for kva for bedrifter som blir omfatta av dei nye krava til kjønnsfordeling i bedriftsstyra, men foreslår fleire alternativ.

For næringslivet på Nordvestlandet kan regelendringa omfatte mellom 240 og 770 bedrifter.

På landsbasis er i dag 20 prosent av styremedlemane i næringslivet kvinner. For 20 år sidan var andelen 15 prosent.

- Held vi fram i dette tempoet kjem vi aldri i mål. Difor trengst det meir innsats for likestilling og mangfald, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Kvinner i styra til dei største selskapa på Nordvestlandet
Omfattar ikkje vararepresentantar
SelskapStyremedlemerKvinner
Bunker Oil 30
Vard Group 81
Coast Seafood40
H I Giørtz Sønner 62
Hofseth Sales 10
Nordfjord Kjøtt72
Inmarsat Solutions 32
Asko Molde50
Ekornes 60
Brødrene Sperre41
SUM47

8

Kjelde: Proff. no

Publisert: 12.12.2022 14:00

Sist oppdatert: 12.12.2022 14:01