Bjorn Utgard til v og adm direktor Pal Ringstad i Langlo 1
NEDTUR: Daværende markedsdirektør Bjørn Utgård (t.v.) og administrerende direktør Pål Ringstad i Langlo har opplevd vekst i flere år, men i 2023 og 2024 falt inntektene og bedriften gikk i minus.
Nytt

40 mistar jobben i Langlo-konkurs

Slutt for produsenten av garderobeinnreiing på Stranda.

20.11.2025

– Vi informerte dei tilsette om at Langlo sine eigarar har attrådd oppbod for selskapet. Vi har kjempa lenge og hadde trua på å kome gjennom utfordringane i marknaden, men på eit punkt må ein seie stopp, seier dagleg leiar, Pål Ringstad ved Langlo til avisa Nyss.

Både 2023 og 2024 enda med underskot for Langlo. 

I 2022 nådde selskapet ein inntektsrekord på 118 millioner kroner. I fjor fall inntektene til 90,4 millionar. Det er den lågaste inntekta selskapet har hatt sidan 2006, målt i nominelle kroner.

Nedbemanna i 2024
Inntektssvikten starta i 2024, og sommaren i fjor skreiv Nett No at Langlo skulle reduserer talet på tilsette for å få kostnadane ned.

Ved utgangen av 2023 sysselsette selskapet 51 årsverk.

Langlo sin viktigaste salskanal for garderobeinnreiingane sine var gjennom byggvarekjedene og hovudmarknaden var oppussing- og rehabliteringsmarknaden.

Fleire eigarar
Langlo har fire direkte eigarar ifølgje databasen proff.no; Langlo Invest as (48 prosent), Svefossen as (46,222 prosent), Langlo as (3,911 prosent) og dagleg leiar På Ringstad (1,867 prosent).

Langlo Invest er eig av Tor og Per Kåre Langlo, Svefossen  har Norsk Sjømat og Pål Ringstad/Ellen Gro Ringstad som største eigarar.

Langlo as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt90,4112,9
Driftsresultat-0,1-0,8
Resultat før skatt-2,5-3,2

Publisert: 20.11.2025 12:49

Sist oppdatert: 20.11.2025 16:37

Mer om