Alle ved Midsund Bruk misser jobbane sine når bedrifta legg ned verksemda. Dei 42 tilsette fekk vite om nedlegginga under eit allmøte tysdag, ifølgje .
Midsund Bruk har levert trykktankar og produksjonsutstyr til oljeriggar og flytande produksjonsfartøy.
– Dette er trist. Det er mange av våre tilsette som har vore her ved bedrifta i mange år, og lagt ned stor energi i Midsund Bruk. Eg vil tru at 90 prosent av dei 42 tilsette er busette her i Midsund, seier adminstrerande direktør Jan Emblemsvåg til avisa.
– Betydelege endringar i marknadsforholda i vår bransje har ført til at operatørar har redusert investeringsbudsjetta og utsett investeringsbeslutningar, noko som har resultert i fallande etterspørsel etter utstyr og tenester, heiter det i meldinga.
Emblemsvåg reknar med at dei er ferdig med alle prosjekt innan utgangen av mars - deretter er det kroken på døra. NETT NO fekk tysdag ettermiddag ikkje kontakt med Emblemsvåg for å spørje om saka.
At eigaren National Oilwell Varco no trekk seg ut, råkar hardt.
– Det er svært dramatisk for øysamfunnet vårt å miste 42 arbeidsplassar, seier han til avisa og håpar på ny aktivitet.
I 2017 enda underskottet før skatt på heile 26 millionar. I 2018 kom eit nytt underskott før skatt på drygt fem millionar kroner.
Inntektene ved produksjonsbedrifta har svinga stort dei siste åra. I 2016 hadde dei 186 millionar i omsetning. Året etter enda dei med drygt 60 millionar – før dei hadde knappe 130 millionar i omsetning i 2018.
Midsund Bruk har levert trykktankar og produksjonsutstyr til oljeriggar og flytande produksjonsfartøy.
– Dette er trist. Det er mange av våre tilsette som har vore her ved bedrifta i mange år, og lagt ned stor energi i Midsund Bruk. Eg vil tru at 90 prosent av dei 42 tilsette er busette her i Midsund, seier adminstrerande direktør Jan Emblemsvåg til avisa.
Fallande marknad
I ei pressemelding sendt ut same dag opplyser leiinga i bedrifta at styret i samarbeid med NOV Management, ikkje ser nokon anna utveg enn å legge ned.– Betydelege endringar i marknadsforholda i vår bransje har ført til at operatørar har redusert investeringsbudsjetta og utsett investeringsbeslutningar, noko som har resultert i fallande etterspørsel etter utstyr og tenester, heiter det i meldinga.
Emblemsvåg reknar med at dei er ferdig med alle prosjekt innan utgangen av mars - deretter er det kroken på døra. NETT NO fekk tysdag ettermiddag ikkje kontakt med Emblemsvåg for å spørje om saka.
– Svært dramatisk
Varaordfører Odd Helge Gangstad (Sp) i Molde seier til at dei har vore vande med at det har gått opp og ned.At eigaren National Oilwell Varco no trekk seg ut, råkar hardt.
– Det er svært dramatisk for øysamfunnet vårt å miste 42 arbeidsplassar, seier han til avisa og håpar på ny aktivitet.
Stort underskott
Rekneskapane for 2017 og 2018 viser store underskott, etter at 2016 var eit relativt godt år økonomisk.I 2017 enda underskottet før skatt på heile 26 millionar. I 2018 kom eit nytt underskott før skatt på drygt fem millionar kroner.
Inntektene ved produksjonsbedrifta har svinga stort dei siste åra. I 2016 hadde dei 186 millionar i omsetning. Året etter enda dei med drygt 60 millionar – før dei hadde knappe 130 millionar i omsetning i 2018.
Les også:
Publisert: 28.01.2020 17:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






