Lite minner om ein vanleg skulekvardag når 9.-klassingane frå Hareid ungdomsskule får utfolde seg på Newton-rommet i Volda. Her ventar praktisk læring, teknologi og realfag i eit velutstyrt rom elevane ikkje har til vane å møte.
– Dei blir meir motiverte, og det er ein wow-faktor når dei kjem inn i rommet, seier lærar Kristoffer Åreskjold til Nett No.
Han har det han sjølv omtalar som draumejobben og leiar elevane gjennom ein skuledag frå klokka ni til to. Det er uvanleg lang i realfagssamanheng, men går som oftast utan problem.
– Det er praktisk og variert, seier Åreskjold.

Supplement til teoritung undervisning
Newton-rommet i Volda opna i fjor haust og har teke i mot elevar frå 1. klasse til 10. klasse. Målet er å ta i mot ungar frå barnehagealder.
Dei yngste elevane får til eksempel jobbe med programmerbare «insekt», medan eldre elevar jobbar med meir avanserte oppgåver i energi og fysikk.
For lærar Audun Herrevold, som følgjer elevane frå Hareid, er dette eit etterlengta supplement til ein meir teoritung skulekvardag.
– Problemet i den norske skulen er at ein har fjerna så mykje av den praktiske undervisninga, og at det er blitt meir og meir teoretisk, seier han.
– Dagens elevar treng å bruke hendene og gjere praktiske ting, legg han til.
Praktiske øvingar
Under besøket får Hareid-elevane utforske ein kulebane for å forstå samanhengen mellom stillingsenergi og rørsleenergi.
Seinare skal dei produsere elektrisk energi med handgenerator – basert på kunnskapen dei har tileigna seg tidlegare på dagen.
Ein trio med jenteelevar stadfestar at undervisninga gir meirsmak, medan dei måler høgda på meterbandet for å finne ut kor mykje energi dei har produsert

– Ein gylden moglegheit
På Nordvestlandet er det i dag Newton-rom i Ålesund, Volda, Kinn, Kristiansund og Sunndal. Hareid er mellom plassane som jobbar med å etablere eit slikt tilbod.
Lærar Herrevold understrekar at slike tilbod også handlar om tilgang til ressursar skulane ofte manglar. Hareid kommune er på Robek-lista grunna dårleg økonomi, og har få ressursar å bidra med.
– Dette er ein gylden moglegheit for kommunen til å få tak i utstyr ein elles ikkje ville fått tak i, seier Herrevold.
Vil flytte inn på rådhuset
Pål-Andreas Alnes sit i arbeidsgruppa som jobbar for realiseringa i Hareid. Så langt har dei fått 600.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Det er likevel ikkje nok til å kome i mål.
– Vi jobbar med å få på plass eit rom som er eigna, seier han.
Planen er å etablere seg i kjellaren på rådhuset, i dei tidlegare bibliotekslokala.
Alnes fortel at dei er i dialog med Sparebanken Møre, og håpar dei vil støtte prosjektet økonomisk. Regionbanken har tidlegare vore med å finansiere innhaldet i Newton-romma i Volda og Ålesund.
– Om vi klarer å få midlar til eit eigna lokale, så utløyser det mykje meir i verdi. Det er ei investering i ungdomen og framtida, seier Alnes.
Dette er Newton-konseptet
Newton-konseptet er eit heilskapleg system for ei langsiktig realfagssatsing.
Gjennom opplegget blir elevar sikra tilgang til praktisk undervisning i tråd med gjeldande læreplan.
Newton-konseptet er utvikla for å kunna tilpassast kvar enkelt kommunes behov, ønske og storleik. Ved å knyta seg til samarbeidet får kommunar tilgang til ressursane for nettverket, som undervisningsmodular, eigne nettsider og påmeldingssystem med meir.
Newton blir ein del av den ordinære skuledrifta til kommunen og Newton-lærarar blir tilsette av kommunen sjølv.
Undervisninga går føre seg i Newton-rom som er spesialdesigna for praktisk undervisning i realfaga. Etablering av Newton-rom blir gjerne finansiert av lokalt næringsliv og etableringsprosjektet blir leia av First Scandinavia.
Kjelde: Newtonroom.com/no
Publisert: 03.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 02.05.2026 16:55






