63 millioner i utbytte etter gruvesal
Localhost Holding selde aksjane sine i Lefdal Mine Datacenter i fjor og deler ut 63 millionar kroner til eigarane.
Localhost Holding i Måløy eigde 3,3 prosent i Lefdal Mine Datacenter før datasenterselskapet i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord vart seld til The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund i fjor.
Les også
I tillegg til å eige 3,3 prosent av Lefdal Mine Datacenter direkte eigde Localhost Holding også 73,6 prosent av aksjane i Norwegian Datacenter Group - som eigde 33,3 prosent i Lefdal Mine Datacenter.
I reknskapen til Localhost Holding er det bokført 77 millionar kroner i "Inntekt på investering i datterselskap". Utbytte som er på 63 millionar kroner,.
Dagleg leiar Sindre Kvalheim i Localhost Holding vil ikkje kommenter salsummen for Lefdal Mine Datacenter, med stadfestar at posten i reknskapen til Localhost Holding er knytt til salet.
Lokale eigarar
I tillegg til Localhost Holding hadde Norwegian Datasenter Group desse eigarane:
Sogn og Fjordane Energi as, 18,2 %
Uroboros as, 4,5 %
Jørn Skaane, 2,7 %
Mats Gunnar Andersson, 0,9 %
Carlson og Skibenes
Største aksjonær i Localhost Holding er Måløy Næringsutvikling, som er eigd 50/50 av Brothers as og Skibenes & Søn. Brothers er Gunnar Carlson og familie, Skibenes & Søn er eigd av Carlsons partnarar Svein og Kristian Skibenes.
Dei fire grunnleggarane av It-selskapet Localhost, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel, eig til saman omlag 37 prosent av Localhost Holding gjennom eigne selskap.
It-selskapet Localhost er eit datterselskap av Localhost Holding. Localhost lagar mellom anna It-program for industrien.
Vil starte investeringsselskap
Etter salet til The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund sa Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel at dei ønskte å bruke ein del av kapitalen frå salet til å bidra til å bygge opp eit investeringsselskap med base i Måløy.
Localhost Holding as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | |
Driftsinntekter | 0 | |
Driftsresultat | -1,7 | |
Resultat før skatt | 75,5 | |
Localhost as | ||
Tal. i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 32,9 | 27,5 |
Driftsresultat | 1,5 | 1,8 |
Resultat før skatt | 1,5 | 1,9 |
Publisert: 26.08.2021 06:00
Sist oppdatert: 12.06.2022 13:51