Nytt
Amerikansk fond inn i datasenter
Investeringsfond blir ny storaksjonær i Lefdal Mine Datacenter. Måløy-miljøet sel seg ut.
06.05.2020
Lefdal Mine Datacenter starta i fjor jakt på meir kapital, for å finansiere ein stor vekst framover. No er kapitalinnhentinga i boks.
"The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" (ESIF), eit fond forvalta av det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments skyt inn pengar, saman med tyske Rittal. i følgje ei pressemelding. Samstundes bli Måløy-miljøet og andre norske eigarar kjøpt ut.
- Vi er ute etter å få inn ein aktør som kan bidra til å løfte dette vidare, sa styreleiar Sindre Kvalheim i Lefdal Mine Datacenter til NETT NO i august 2019.
Columbia Threadneedle Investments forvaltar 494 milliardar dollar for sine kundar, .
Slik blir det ikkje. No får dei i staden ein ukjent sum inn på konto. Kor stor kapitalutvidinga er og kva dei norske aksjonærane får betalt er ikkje opplyst.
Fram til arbeidet med kapitalutvidinga starta var det investert 300 millionar kroner i datasenteret.
Servarane - datamaskinene som lagrar data - krev mykje straum.
Etter å ha utvida kapasiteten ein gong sidan opninga er forsyningskapasiteten no på 20 Megawatt. Det er det over det dobbelte av forbruket i dag, men ikkje nok om datasenteret får den veksten selskapet drøymer om.
Sogn og Fjordane Energi søkt i 2018 NVE og konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt.
100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.
Dei norske eigarane får ein - inntil vidare - ukjent sum inn på konto.
Her er aksjonærlista i Lefdal Mine Datacenter før kapitalutvidinga:
Rittal Beteilingungs Gmbh 33,3 %Norwegian Datasenter Group 33,3 %Brothers as, 8,3 %Coast Seafood as, 8,3 %Bard Invest as, 6,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 6,6%Localhost Holding as 3,3 %
Norwegian Datasenter Group har desse eigarane:
Localhost Holding as, 73,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 18,2 %Uroboros as, 4,5 %Jørn Skaane, 2,7 %Mats Gunnar Andersson, 0,9 %
Største aksjonær i Localhost Holding er Måløy Næringsutvikling, som er eigd 50/50 av Brothers as og Skibenes & Søn. Brothers er Gunnar Carlson og familie, Skibenes & Søn er eigd av Carlsons partnarar Svein og Kristian Skibenes. Dei fire grunnleggarane av Localhost, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel, eig til saman omlag 50 prosent av selskapet.
"The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" (ESIF), eit fond forvalta av det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments skyt inn pengar, saman med tyske Rittal. i følgje ei pressemelding. Samstundes bli Måløy-miljøet og andre norske eigarar kjøpt ut.
- Vi er ute etter å få inn ein aktør som kan bidra til å løfte dette vidare, sa styreleiar Sindre Kvalheim i Lefdal Mine Datacenter til NETT NO i august 2019.
Columbia Threadneedle Investments forvaltar 494 milliardar dollar for sine kundar, .
Millioninvesteringar frå Måløy
Då arbeidet med kapitalinnhentinga starta var planen at dei norske eigarane skulle vere med vidare.Slik blir det ikkje. No får dei i staden ein ukjent sum inn på konto. Kor stor kapitalutvidinga er og kva dei norske aksjonærane får betalt er ikkje opplyst.
Fram til arbeidet med kapitalutvidinga starta var det investert 300 millionar kroner i datasenteret.
Sluker straum
Sogn og Fjordane Energi - som er ein av eigarane som sel seg ut - er i gang med å planlegge utviding av straumforsyningskapasiteten til datalagringssentert.Servarane - datamaskinene som lagrar data - krev mykje straum.
Etter å ha utvida kapasiteten ein gong sidan opninga er forsyningskapasiteten no på 20 Megawatt. Det er det over det dobbelte av forbruket i dag, men ikkje nok om datasenteret får den veksten selskapet drøymer om.
Sogn og Fjordane Energi søkt i 2018 NVE og konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt.
100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.
Rittal med vidare
Det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal eig ein tredjepart av Lefdal Mine Datacenter, og blir med på kapitalutvidinga, slik at selskapet opprettheld sin eigarandel, medan fondet eig resten.Dei norske eigarane får ein - inntil vidare - ukjent sum inn på konto.
Her er aksjonærlista i Lefdal Mine Datacenter før kapitalutvidinga:
Rittal Beteilingungs Gmbh 33,3 %Norwegian Datasenter Group 33,3 %Brothers as, 8,3 %Coast Seafood as, 8,3 %Bard Invest as, 6,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 6,6%Localhost Holding as 3,3 %
Norwegian Datasenter Group har desse eigarane:
Localhost Holding as, 73,6 %Sogn og Fjordane Energi as, 18,2 %Uroboros as, 4,5 %Jørn Skaane, 2,7 %Mats Gunnar Andersson, 0,9 %
Største aksjonær i Localhost Holding er Måløy Næringsutvikling, som er eigd 50/50 av Brothers as og Skibenes & Søn. Brothers er Gunnar Carlson og familie, Skibenes & Søn er eigd av Carlsons partnarar Svein og Kristian Skibenes. Dei fire grunnleggarane av Localhost, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel, eig til saman omlag 50 prosent av selskapet.
Publisert: 06.05.2020 10:40
Sist oppdatert: 12.06.2022 14:02