684 millionar til nye maritime prosjekt
VERFTSBESØK: Næringsminister Iselin Nybø og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i samtale med Vard-sjef Erik Haakonsholm.
Nytt

684 millionar til nye maritime prosjekt

To statsrådar kom til Vard Langsten for å legge fram krisetiltak for maritim næring. Blir møtt med kritikk frå bransjeorganisasjonar.

Administrator
27.05.2020
Onsdag kveld kom næringsminister Iselin Nybø til Vard Langsten-verftet i Tomrefjord, saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Målet med besøket var å legge fram nye tiltak for å auke aktiviteten i maritim næring. Dette er ein del av «fase 3-pakka» som regjeringa har varsla – og som skal få ny fart i norsk økonomi etter koronakrisa har gitt bråstopp for fleire bransjar.
Nybø kom for å fortelje at regjeringa legg inn 684 millionar kroner til nye maritime prosjekt i perioden 2022-2024.
Dei nye tiltaka er som følger: 300 millionar skal gå til ei ny låneordning til flåtefornying. Det blir også føreslått å forsere arbeidet med å oppgradere Skjold-korvettane til Sjøforsvaret ved norske verft.
Næringsretta forsking og utvikling til maritime prosjekt (Maroff) gjennom Norges forskningsråd får 65 millionar kroner.

– Eit poeng å få det no

– Oppgraderinga av Sjøfarsvarets skip skal skje no, og kan både gi oppdrag til verft og leverandørindustrien som leverer utstyr til skipa. Dette vil gå frå 2020 til 2024, og det er eit poeng å få det no, slik vi kan få hjula i gong, seier Nybø til NETT NO.
Næringsministeren fortel at det var naturleg å kome til Nordvestlandet, etter at eit besøk i Ulsteinvik i mars ble utsett. Nybø påpeiker også at fleire tiltak vil kome når regjeringa legg fram heile «fase 3-pakka» - truleg fredag.
– Det blir jobba dag og natt for å kome i mål, og vi har sagt at det kjem i slutten av månaden, seier ho.

Vard-sjef hadde håpt på meir

Erik Haakonsholm som leiar Vard si avdeling for spesial- og offshorefartøy, måtte innrømme at han hadde håpt på litt meir direkte støtte - til dømes dekking av utgifter i samband med smittevernstiltak.

– Vi har ikkje gitt opp den kampen og vil halde fram å jobbe for å få dekka dette, seier han til NETT NO.

Les også:

ka
– Eit av hovudpoenga i innspela frå maritim industri, har vore å få auka aktivitet. Vil dette bidra til nok ny aktivitet?
– For meg virkar det som at det ikkje er nok og at det ikkje er nok treffsikkert, sjølv om eg må sjå litt nærare på detaljane. Likevel er det positivt at det kjem noko, legg Haakonsholm til.

Tynne ordrebøker og tøffe år

Bakteppet er mellom anna at verftsnæringa har dei tynnaste ordrebøkene på fleire tiår, samtidig som dei har vore gjennom tøffe år etter førre nedtur i oljeprisen.
No har både låg oljepris og konsekvensane frå koronapandemien, og tiltaka som følgje av den, gjort situasjonen meir vanskeleg. Også mange utstyrsleverandørar er i same situasjon og reiarlag både i offshore og reiselivet slit tungt.
Fleire i maritim industri har føreslått at det blir bygt nye mineryddarar og forskingsskip i regi av staten. Nye ferjer til fornying av ferjeflåten, er andre prosjekt som er nemnt. Ikkje noko av dette var tema under besøket onsdag.

Les også:



– Tafatte greier

– Dette var tafatte greier. Dette var langt mindre enn det næringa har etterlyst og vi får sette vår lit til opposisjonen. Både Frp og Arbeiderpartiet har vore ute og signalisert en langt mier offensiv satsing på maritim næring gjennom koronakrisa. Vi har også fått signal om at Senterpartiet tenker i same baner, seier Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Martimt Forum Nordvest.
Også administrerande direktør Asle B. Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft er misnøgd med det regjeringa presentere onsdag.
– Ifølge det som foreløpig er kome fram tiltakspakke tre fryktar eg at regjeringen er alt for defensiv i forhold til skipverfta sitt industrielle behov. Tilsynelatande er det ikkje gikk nokon indikasjonar på at ein forserer nokon av dei statlege gryteklare nybyggingsprosjekta. Det vil vere utruleg skuffande både for forskingsmiljø og for industrien dersom ikkje dei to kystnære forskingsfartya til havforskingsinstituttet og Universitetet i Oslo blir realisert no, seier han.

- Ikkje nybyggingsoppdrag

Strønen understerkar at han utttalar seg på det bakgrunn av det som kom fram i media om krisepakken til verftsindustrien. Som motkonjukturtiltak er det ikkje treffsikkert, meiner han.
– Det er vel og bra at Skjoldklassa blir oppgradert, men det er ikkje eit nybyggingsoppdrag. Det er vel å bra at regjeringa gjer framlegg om å opprette ei ny låneordning for nærskipsfarty og fiskefarty, men det vil vere eit heilt meiningslaust motkonjunkturtiltak viss regjeringa ikkje presiserer at desse fartya skal byggast ved norske verft. For det tredje er ekstrabevilgningar til grøn skipsfart naudsynt, men som eit motkonjunkturtiltak så må vi kunne vente at fartya som denne forskinga endar opp med skal byggast i Noreg. Om ikkje regjeringa eksplisitt uttalar at fase tre-pakken skal ende opp som aktivitet i verfts-Noreg så blir skuffelsen enorm, seier Strønen.

Les også:





Publisert: 27.05.2020 18:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57