75 millionar i SFE-utbytte
Prissikring dempa resultatnedgangen i Sogn og Fjordane Energi i fjor.
Sogn og Fjordane Energi (SFE) fekk dobbelt så godt betalt for krafta si i fjor enn spotmarknaden skulle tilseie. Grunnen var at selskapet hadde sikra prisen på krafta, noko som lønte seg med dei låge kraftprisane store deler av 2020.
Likevel fall resultatet før skatt frå 621 til 220 millionar kroner.
75 millionar i utbytte
I fjor såg selskapet an utviklinga i kraftmarknaden til ut i august før utbyttet forn 2019, på 120 millionar kroner vart betalt til eigarane.
Les også
For 2020 foreslår styret eit utbytte på 75 millionar kroner.
SFE er eigd av Sogn og Fjordane Holding, BKK, Kinn kommune, Gloppen kommune, Bremanger kommune, Stad kommune, Askvoll kommune og Sunnfjord kommune. Vestland fylke og alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke eig Sogn og Fjordane Holding.
- Vi er glade for at vi også i eit år med låge kraftprisar kan føre tilbake verdiar til våre offentlege eigarar og til regionen vår, seier administrerande direktør Johannes Rauboti i børsmeldinga.
Skriv ned vindkraftverk
SFE er 20 prosent eigar i vindkraftselskapet Bremangerlandet Vindkraftverk.
SFE skriv ned verdiane av vindkraftprosjekta sine med 81 millionar kroner. Den største delen av nedskrivinga er på Bremangerlandet Vindkraftverk.
Prosjektet er blitt sterkt forsinka på grunn av lange prosessar for å få
godkjent planane, skriv SFE i børsmeldinga.
Sogn og Fjordane Energi as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1090 | 1685 |
Driftsresultat | 251 | 668 |
Resultat før skatt | 220 | 621 |
Publisert: 26.03.2021 08:42
Sist oppdatert: 16.04.2021 10:00