Storholmen
SANDE: Storholmen handelsstad sett frå sjøen. Foto: Frå søknaden til Kulturminnefondet
Nytt

750.000 kroner til Storholmen handelsstad

Gamal handelsstad i Sande skal no setjast i stand.

NPK
27.10.2021

Kulturminnefondet har innvilga økonomisk støtte på 750.000 kroner til eigarane av forretningslokalet frå 1905 på Storholmen i Sande kommune i Møre og Romsdal. No skal handelsstaden setjast i stand.

Bygningen inngår i ein handelsstad med fleire bygningar, som til saman utgjer eit godt bevart og særprega kulturmiljø. Huset er eit gammalt handelshus med butikk og bakeri i første etasje, og bueining i andre. Det står i dag ubrukt og skal etter istandsetjing takast i bruk som butikk, bakeri, selskapslokale og utleigeleilegheit.

– Tiltaka på bygningen bidrar til vern gjennom aktiv bruk og til aktivitet som kjem allmenta til gode. Storholmen handelsstad er eit svært verdifullt kulturminne, seier Tine Sundtoft, styreleiar i Kulturminnefondet, i ei pressemelding.

Publisert: 27.10.2021 13:18

Sist oppdatert: 27.10.2021 13:20

Mer om