Christian Pritchard foto Ogne
VENTAR: Christian Pritchard fekk knappe 84 millionar kroner då Nortel vart seld i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Formuesskatten stoppar investeringar

Nortel-gründeren vil gjerne investere i oppstart- og vekstselskap, men ikkje før formuesskatten endres.

03.04.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund vart stroke frå notering på Oslo Børs i fjor, etter at selskapet vart seld til konkurrenten Unifon. For Nortel-gründer Christian Pritchard sitt selskap, Proff Invest, gav det finansinntekter på 83 millionar kroner viser 2023-rekneskapen.

– Eg har reinvestert mykje av kapitalen i Unifon, seier Pritchard.

Kor mykje vil han ikkje kommentere, men han har óg plassert oppgjeret for Nortel-salet i obligasjonar og pengemarknadsfond, går det fram av årsrekneskapen til Proff Invest.

Formuesskatten
Pritchard har tidlegare sagt at han byrja å kjede seg i karantenetida etter at mobiltelefoniselskapet Phonero, der han var medeigar, vart seld i 2018.

– Eg vart lei av å gå rundt og ikkje vere i drift. Plenen vart grønare og grønare og gründerblodet brusa, sa han i eit foredrag i fjor sommar.

Han er open for å investere i både nyetablerte bedrifter og vekstbedrifter, men ikkje no.

– Det er ein del av strategien, men vi må sjå endringar i formuesskatten før det er aktuelt, seier han.

Proff Invest as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt0,40,03
Driftsresultat0,3-0,01
Netto finansinntekt83,3-0,03
Resultat før skatt83,7-0,04

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group kr 9,36 2,86 %
Salmon Evolution kr 6,58 2,81 %
Endúr kr 45,40 2,25 %
Arctic Bioscience kr 10,20 2,00 %
Hexagon Purus kr 6,78 1,65 %
Sparebanken Møre kr 92,50 0,60 %
Norva 24 Group* 0,40 %
Havila Shipping kr 5,30 0,00 %
Hexagon Composites kr 18,82 -0,11 %
Havila Kystruten kr 0,72 -0,28 %
Hofseth Biocare kr 2,00 -0,50 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,59 -1,24 %
Atlantic Sapphire kr 0,90 -2,61 %
Romsdal Sparebankkr. 110-4,35 %
* Kurs i SEK

Publisert: 03.04.2024 15:28

Sist oppdatert: 03.04.2024 23:06

Mer om