Leiarkonferansen Pritchard Bjørkedal 5
GRUNNLEGGAR: Christian Pritchard grunnla og bygde opp Nortel, som vart seld tidlegare i år. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Var ikkje budd då bodet kom

– Vi skulle jo halde på i mange år til, fortel Nortel-gründeren.

Christian Pritchard talte om telefoni-eventyret sitt framfor leiarar frå heile landet på leiarkonferansen i Ulsteinvik denne veka. Nyleg selde han børsnoterte Nortel til konkurrenten Unifon for litt over ein halv milliard kroner.

Under foredraget fortalde han at når den første førespurnaden om kjøp kom, var han ikkje førebudd.

– Det var en ny tanke at dette skulle skje no. Vi skulle jo halde på i mange år til, fortel han.

Leiarkonferansen Pritchard Bjørkedal 4
PAUSE: Mange lokale leiarar hadde teke turen til Sjøborg kulturhus for inspirasjon og mingling. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Slå duopolet
Foredraget i seg sjølv handla om korleis han prøvde å utfordre duopolet i den norske telemarknaden, Telia og Telenor.

Først starta han Mobitalk, deretter kom han inn som medaksjonær i Phonero. Då sistnemnte blei seld, og han gjekk ut i 2018, fekk han karantene til 1. januar 2019.

– Eg vart lei av å gå rundt og ikkje vere i drift. Plenen vart grønare og grønare og gründerblodet brusa.

Dermed blei ideen om Nortel laga, og tanken var å bli den tredje største teleoperatøren i Noreg innan to år.

Måtte heile tida vere frampå
– Vi hadde eit marknadsbudsjett på rundt 200.000 kroner i månaden i starten, og prøvde å bli best på alt.

Nortel leiar nett frå Telenor. Dei hadde 350 seljarar, kontakta rundt 7-8000 bedrifter i månaden, og signerte kontrakter med rundt fem prosent av dei.

På kort tid hadde dei fornya sin eigen profil tre gongar, samt kjøpt opp Atea Mobil.

12 månader etter oppstart blei selskapet børsnotert. Dagen før henta dei inn 100 millionar kroner. Det same gjorde dei på under ein time då dei kjøpte Atea.

Det var då dei blei den tredje største aktøren i Noreg.

Fekk kjøpshenvending før kick-off
Når ein er børsnotert må styret ta stilling til eit sal om eit godt bud kjem inn.

– Om styret vurderer eit bud som godt, som vårt styre gjorde, melda vi det til marknaden.

I mars i år hadde dei kick-off for å lansere ny teknisk plattform som dei hadde brukt fleire millionar på. Nokre dagar tidlegare hadde den første interessen kome.

Leiarkonferansen Pritchard Bjørkedal 6
PUBLIKUM: Fleire lyttar spent til det Christian Pritchard fortalde på scena. Deriblant Isabelle Ringnes som sit heilt fremst til venstre. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Alle historier har ein slutt
Å stå på scena og lansere noko dei skulle jobbe med i mange år framover var ein spesiell følelse, fortel Pritchard til salen.

– Vi visste ikkje at dette ville ende med sal, og ingen andre visste om henvendingane før etterpå.

3-4 aktørar viste høg interesse for kjøp av selskapet. Sluttforhandlingane blei med Kistefos og Unifon.

Tre og eit halvt år etter selskapet blei starta, blei selskapet selt for over ein halv milliard kroner, og fusjonert inn i konkurrenten Unifon.

Var for det beste
Beslutninga om å selje var gjort i styret. Då mulegheita låg på bordet måtte dei gripe den, seier Pritchard.

– Nortel er babyen min, og eg har arbeidd med det 24 timar i døgnet i mange år. Samtidig er det aksjonærane vi arbeider for, og eit sal var det beste for selskapet og marknaden.

Mange mindre aksjonærar fekk ikkje være med vidare. Dette vil ikkje Pritchard kommentere, men seier det var slik Unifon valde å strukturerte tilbudet sitt.

Ifølgje Sunnmørsposten mistar 35 av 60 arbeidsplassen sin på kontoret til Nortel i Ålesund.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg trur ikkje eg skal kommentere så mykje rundt det. På generell basis vil eg seie at mange som blir skadelidande no har fått ein fantastisk arbeidsstad på CV-en sin som kan bidra til god kompetanse lokalt.

Fortsettelse følger?
Pritchard er ikkje lenger administrerande direktør i Nortel, men har blitt styremedlem i Unifon Holding.

– Det som skjer no er at vi siktar mot milliardomsetning innan få år. Til saman har vi 150.000 kundar, og 20.000 bedrifter. Og så har to tidlegare konkurrentar fått litt meir spelerom, glimtar han til.

No vil han også bruke meir av tida si til å gi tilbake til regionen i form av kompetanse og styrearbeid, og å prøve å lande litt etter salet.

Ikkje minst vil han få meir tid til familie.

Pengane han har fått frå salet?

– Dei skal stå i banken. Det er så høg rente på innskudd i dag, og skattepresset frå dagens regjering på formue gjer at risikokapitalen heller må stå i banken.

Publisert: 28.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.10.2023 01:12

Mer om